Ethan Huff i Natural News rapporterer:
Wall Street Journal har sleppt ei bombe om den ukrainske presidenten Volodymyr Zelensky, som godkjende planen om å sabotere både Nord Stream 1 og 2-gassrøyrleidningane.
Zelensky prøvde visstnok å avblåse operasjonen etter å ha lansert den på grunn av amerikansk press, men det var allereie for seint: røyrleidningane vart bomba, og stengde av gassleveransar mellom Russland og Tyskland, saman med resten av Europa.
Hendinga fann stad i september 2022 og vart følgt av ein reportasje frå den Pulitzer-pris-vinnande journalisten Seymour Hersh i 2023 som avdekte evidens på eksplosivar planta av amerikanske marinedukkarar under påskot av ei «NATO-øving». Bombene vart til slutt detonerte etter ordre frå Joe Biden.
Den russiske presidenten Vladimir Putin gav òg Washington D.C. skulda for bombingane sidan den amerikanske djupstaten har leia so godt som alt som Ukraina gjer, alt i opposisjon til Russland. Ifølgje Putin hadde USA mest å vinne på å forstyrre russiske gassleveransar til EU. […]
Er Zelensky ansvarleg for Nord Stream-bombinga?
Den versjonen av hendingane tok presedens heilt fram til no, etter at Wall Street Journal fortalde ei annleis historie som skuldar Ukraina direkte for åtaka, og ikkje USA. Ifølgje kjeldene til medieformidlaren «samla ei handfull forretningsfolk og senior-offiserar frå det ukrainske militæret» seg for drinkar i mai 2022 for å diskutere komplottet.
Planen var å sprengje Nord Stream-røyrleidningane for å redusere russiske inntekter frå energi, og redusere EU si avhengigheit av gass frå Moskva. Operasjonen involverte bruk av ein liten leige-yacht ved namn Andromeda, som hadde eit mannskap på seks personar som var trena opp til å utføre dåden. Heile greia kosta rundt 300 000 dollar å utføre.
Det var Zelensky som fyrst gav grønt lys til planen, men CIA avlyste det so fort dei høyrde gjete om det. Den dåverande sjefskommandøren i Ukraina, Valery Zaluzhny, trassa CIA og gjennomførde bombinga likevel, hevdar kjelder.
Ifølgje rapportar sa Zaluzhny til Zelensky at so fort teamet var sendt ut for å sprengje røyrleidningane, var det allereie for seint å kalle dei tilbake, fordi dei avbraut all kommunikasjon og i grunnen forsvant, slik at dei ikkje kunne bli oppdaga eller hindra etter at alt var i gang.
Zaluzhny, som no er den ukrainske ambassadøren i Storbritannia, blånektar desse nye påstandane, og kallar involveringa til Kiev i øydelegginga av Nord Stream «ein regelrett provokasjon».
Kjeldene som kom til Wall Street Journal med desse påstandane seier at dei kan bekreftast av funna gjort av ei tysk politietterforsking rundt Nord Stream-eksplosjonane. Den rapporten trugar allereie med å «setje på hovudet» relasjonar mellom Kiev og Berlin, der sistnemnde har vore Ukraina sin største støttespelar i EU sidan byrjinga på krigen mot Russland i byrjinga av 2022.
«Vi veit no at USA offisielt har kasta Zelensky under ein buss,» skreiv ein lesar i kommentarfeltet på RT om situasjonen. «Han er so godt som død.»
«Gangsterane kastar skit på kvarandre,» skreiv ein annan. «Eg lurer på kor lenge det går før ein av dei eksponerer det ubestridelege bevismaterialet.»
Nokon andre stilte spørsmål med kvifor Tyskland held fram med å levere våpen til Kiev, ettersom dei no veit om involveringa til Zelensky i å sprengje i lufta røyrleidningane som leverte gass til det tyske folket.
«Dei må då vere hjernedaude,» skreiv denne personen om Tyskland og leiarane der.
Ein annan skreiv at ved å sprengje Nord Stream-leidningane, hindra Kiev og Washington Tyskland i å framleis få rikeleg og påliteleg, billeg gass.
«Resultatet er at den tyske industrien er i ferd med å kollapse.»
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
