Fleire tusen afghanske innvandrarar reiser tilbake til Afghanistan – på ferie

Christopher Tomlinson på nettstaden The National Pulse melder:

Tusenvis av afghanske asylsøkjarar som bur i Tyskland bruker visstnok feriane sine i det heimlandet dei påstår at dei vart tvinga til å flykte frå. Dei gjer det gjennom eit passtriks som får det til å sjå ut som om dei berre reiste til Iran.

Av dei 400 000 afghanarane som bur i Tyskland, har rundt 60 000 eit Blått pass, ei erstatning for eit pass gjeve til asylsøkjarar som lèt dei reise, men som eksplisitt slår fast at dei har ingen rett til å vende tilbake til landet dei visstnok flykta frå.

Trass dette reiser hundrevis tilbake til Afghanistan kvar veke berre frå Hamburg. Fyrst reiser dei til Iran, der dei kan sikre seg eit dobbelt-innreise-visum. Dobbel-innreise-visuma blir ikkje stempla i passa deira eller festa til dei. Dette tydar at dei enkelt kan skjule seg frå tyske styresmakter, eller rett og slett kvitte seg med passa før dei vender tilbake til Tyskland, slik at det ser ut som om det einaste reisemålet til asylsøkjarane var Iran.

Den føderale innanriksministeren Nancy Faeser, som omtrentleg tilsvarer den amerikanske Homeland Security-ministeren, uttrykte lite interesse då ho vart konfrontert med skuldingane, nekta for at innanriksministeriet i det heile teke var ansvarleg, og insisterte at situasjonen er dei lokale immigrasjonsstyresmaktene sitt problem. Derimot kravde Heiko Teggatz, leiar i Den føderale politiunionen, at det måtte innførast ei lov som tvingar land til å feste visum til pass. Han seier at det føderale politiet, som passar på grensa, er for dårleg bemanna.

I seinare år har det vore fleire høgprofilerte knivstikkingsepisodar gjort av afghanske asylsøkjarar i Tyskland, inkludert eit masseknivstikkingsåtak i mai under eit anti-islamiseringsrally, og ei anna masseknivstikking på fotballfans i juni.

Trass desse brotsverka nektar den tyske regjeringa å sende afghanske kriminelle tilbake til Afghanistan, og hevdar at landet er for farleg for dei. Dette synspunktet har visstnok ikkje asylsøkjarane som reiser tilbake til landet på ferie.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget