Russia Today (RT) rapporterer:
Det russiske føderale byrået for fiskeri (Росрыболовство / Rosrybolovstvo) har lansert eit større forskingsinitiativ som har som mål å studere marinbiologiske ressursar langs kysten av 18 afrikanske land i Atlanteren og Det indiske hav.
Seremonien som lanserte ekspedisjonen fann stad onsdag [21.august 2024] på hamna i Kaliningrad, Russland, og til stade var den russiske visestatsministeren Dmitry Patrushev og ei rekkje andre russiske tenestepersonar.
«I dag lanserer vi eit av dei mest ambisiøse prosjekta i fiskeindustrien – Den store afrikanske ekspedisjonen. Dette er ei unik hending sidan liknande forsking ikkje har blitt utført sidan 1980-talet. Denne ekspedisjonen vil vurdere vassbiologiske ressursar utanfor Afrika-kysten og opne opp nye fiskeområde,» erklærte Patrushev under seremonien.
Ekspedisjonen vil late Russland få tilgang til reservane av vassbiologiske ressursar langs Afrika-kysten og identifisere nye fiskeområde, ifølgje Patrushev. Han la òg vekt på kor viktig dette initiativet er for både Russland og afrikanske nasjonar.
«Som vi veit ligg Russland oppe blant dei fem toppleiarane når det gjeld årleg fangstvolum. I fjor sette fiskeindustrien vår rekord ved å hauste 5,37 millionar tonn vassnaturressursar. Som eit resultat av Den store afrikanske ekspedisjonen, vil omfanget til fiskerioperasjonar bli desto større,» sa Patrushev.
Visestatsministeren la òg vekt på den positive verknaden dette vil ha på afrikanske nasjonar. «Afrikanske nasjonar vil få tilgang til informasjon om fiskereservar, noko som bidreg til den globale mattryggleiken. Dette vil bli nok eit betydeleg bidrag frå landet vårt når det gjeld å sikre den globale mattryggleiken,» sa han.
Ifølgje Kirill Kolonchin, direktør i det Heil-russiske forskingsinstituttet for fiskeri og oseanografi (VNIRO), skal ekspedisjonen halde fram til byrjinga på 2026.
To forskingsfartøy frå Rosrybolovstvo skal bli sendt ut for å studere farvatna utanfor kysten. I tillegg til to russiske vitskapsfolk, skal forskarar frå ymse afrikanske kystnasjonar òg bli med på ekspedisjonen, ifølgje VNIRO.
Teamet av vitskapsfolk på kvart fartøy til omfatte 12 ekspertar som er spesialistar innan akustisk, oseanografisk, hydrokjemisk, hydrobiologisk og ichthyologisk [ichthy- = relatert til fisk] forsking.
Forskingsfartøyet «Atlantniro» skal studere kystsonene til Mauritania, Nigeria, Marokko, Kamerun, Sao Tome og Principe, Gabon, Republikken Kongo, Ekvatorial-Guinea og Angola. I mellomtida skal det andre fartøyet, «Atlantida», fokusere på farvatna til Mauritania, Guinea-Bissau, Guinea, Senegal, Mozambique, Sierra Leone, Madagaskar, Mauritius og Eritrea.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
