Energiminister åtvarar: Ukrainarar må førebu seg på ein «vanskeleg vinter»

Russia Today (RT) rapporterer:

Ukrainske borgarar må førebu seg på ein vinter som vil bli meir vanskeleg å takle enn i fjor, åtvara energiministeren i landet, German Galushchenko, på laurdag [24.august 2024] i ei TV-sendt melding.

Ifølgje Galuschchenko er der planar om å gjenopprette og byggje ekstra energi-genereringsfasilitetar og etablere eit desentralisert energi-forsyningssystem for befolkninga. Derimot antyda han at dette kanskje er for lite, for seint, og seier at russiske luftåtak har hatt ein betydeleg effekt på det ukrainske energinettverket.

«Vi treng å førebu oss på ein vanskeleg vinter. Uheldigvis vil den bli tyngre enn den i fjor. Likevel må vi prøve å etablere autonome energi-forsyningssystem,» sa Galushchenko, og la til at «for vår del skal vi gjere alt vi kan for å sikre at dette ikkje er naudsynleg».

Tidlegare denne månaden sa EU-energikommisjonær Kadri Simson til The Financial Times at Ukraina sin energikapasitet var venta å gå ned med heile ni gigawatt, eller halvparten av elektrisiteten landet treng til vinteren.

«I iskalde vintertemperaturar kan enkelte stader i Ukraina rett og slett bli ulevelege,» skreiv Simpson, og sa at «neste vinter vil sannsynlegvis teste motstandskrafta til det ukrainske folket på ein måte ein ikkje har sett på kontinentet vårt sidan Andre verdskrig.»

Vladimir Kudritsky, leiaren i Ukrenergo, den nasjonale kraftnett-operatøren, åtvara i juni at kraftgenerering i Ukraina er forventa å gå nedover, delvis på grunn av naudsynleg vedlikehaldsarbeid på atomkraftverka.

Han åtvara at kraftgenereringskapasiteten ikkje vil bli fullstendig gjenoppretta til vinteren, og sa at dei kalde månadene vil bli «svært vanskelege».

«Dersom vi får manglar no, forbruket er vanlegvis 35% mindre enn om vinteren, er det openbert at vinteren vil føre med seg endå fleire problem relatert til å dekkje energimangelen,» forklarte Kudritsky.

Ukrainas Vladimir Zelensky har tidlegare rapportert at opp til 80% av energikapasiteten til landet, inkludert koldrivne kraftverk og hydroelektrisk kraft, har blitt skadd eller øydelagt i konflikten mot Russland. Zelensky har spurt vestlege støttespelarar for meir luftforsvarssystem for å beskytte kraftinfrastrukturen i landet.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget