Trump antydar at Biden og Harris er delvis skuld i attentatforsøket mot han

Russia Today (RT) rapporterer:

Den Republikanar-nominerte presidentkandidaten Donald Trump har antyda at hans Demokrat-rival og noverande visepresident Kamala Harris og president Joe Biden er delvis ansvarlege for attentatforsøket mot han førre månad. Republikanar-svovelpredikanten hevda at paret hadde gjort det vanskelegare for Secret Service å beskytte han, medan dei ivrig pumpa ut den typen retorikk som kunne ha oppmuntra skyttaren.

Trump unngjekk døden med ei hårsbreidd då 20 år gamle Thomas Matthew Crooks opna eld mot han under eit rally i Butler, Pennsylvania 13.juli. Mannen som nesten vart drapsmann hadde rigga seg til på eit tak i nærleiken som gav han uhindra sikt til Republikanar-kandidaten. Ei av kulene streifa høgreøyret til den tidlegare presidenten, medan ein tilskodar vart drepen og to andre skadde som eit resultat av skytinga. Skyttaren vart deretter drepen av Secret Service-agentar.

I eit intervju tysdag [27.august 2024] med Phil McGraw, betre kjent som Dr. Phil, sa Trump: «Eg trur til ei viss grad at det er Biden si skuld og Harris si skuld.» Han skulda paret for å «bruke staten som våpen» mot han og ta med seg «heile Justisdepartementet for å prøve å ta meg».

«Dei var ikkje altfor interesserte i helsa mi og tryggleiken min,» la den Republikanar-nominerte til, og hevda at Biden og Harris «gjorde det særs vanskeleg å ha skikkeleg bemanning når det gjaldt Secret Service».

Ifølgje den tidlegare presidenten, portretterte Harris og Biden han som ein «trugsel mot demokratiet», som «kan få attentatmenn eller potensielle attentatmenn til å hive seg rundt».

«Kanskje den kula kom på grunn av retorikken deira,» antyda Trump.

Seint i juli stemte Demokratane og Republikanarane i Representantanes hus einstemmig i favør av å skape ein toparti-oppdragsstyrke som skal undersøkje attentatforsøket mot Trump. Gruppa består av sju Republikanarar og seks Demokratar, og målet deira er å undersøkje potensiell svikt i tryggleik på føderale, delstatlege og lokale politinivå som førde til hendinga.

Fleire dagar tidlegare trekte Kimberly Cheatle seg som direktør i Secret Service. Fråtredinga hennar kom etter ei skarp og syrleg kongresshøyring der lovgjevarar skulda ho for å halde tilbake informasjon og nekte å ta ansvar for tryggleikssvikt under rallyet.

Ho vart tvinga til å erkjenne at «13.juli mislykkast vi» på ein måte som ein ikkje har sett på fleire tiår.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget