Sean Adl-Tabatabai på nettstaden The People’s Voice melder:
Trudea-regimet har gjeninnført munnbindpåbod på sjukehus, og har åtvara umaskerte pasientar at dei kjem til å bli avvist om dei nektar å lyde.
Enkelte sjukehus i Canada har allereie byrja å rulle ut påbod som enkelte legar kritiserer som autoritære.
InfoWars rapporterer: Eit region-helsestyre nord for Montreal, Centre integré de santé et de services sociaux de Laval [«integrert senter for helse og sosiale tenester i Laval»], sa nyleg at på grunn av at talet covid-tilfelle visstnok stig, so må personalet gå med munnbind.
Avgjerda av helsestyret om å gjeninnføre munnbind vart avslørt etter at ein memo sendt til CBS News vart offentleggjort.
Derimot kjem akuttmottakslege Chris Milburn, som har omfattande kunnskap om munnbindbruk, med kritikk av trekket, og kallar det «politisk».
Han sa, som gjengjeve av True North, at der er «fleire tiår med evidens som viser at munnbind er ineffektive når det gjeld å redusere overføring av luftvegsvirus».
«Det er grunnen til at dei aldri vart brukt,» la han til.
Milburn observerte at «vitskapen» rundt munnbind «brått snudde tvert om», og la til «Vitskap snur seg ikkje plutseleg tvert om, men det gjer politikk.»
Dei siste vekene har der vore ein auke av hovudstraumsmedie-rapportering om «stigande» covid-ratar. Og nyleg i USA erklærte Biden-administrasjonen jo at dei vil gå tilbake til å dele ut gratis covid-19-testar til kvar amerikanar.
I Canada vart munnbindpåbod, som var gjeldande over heile nasjonen ein periode, vurdert som poenglause utifrå resultat frå fokusgrupper frå statsminister Justin Trudeau sitt eige Privy Council, som i ein rapport frå 16.mai 2022 skreiv at munnbind hadde «liten verknad generelt, og enkelte føler at dei i mange tilfelle har gjort meir skade enn godt».
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
