Dénes Albert på nettstaden ReMix News rapporterer:
No når fleire og fleire skular rundt om i verda bevegar seg mot eit forbod mot avhengigheitsskapande og forstyrrande smarttelefonar på skulen, sluttar Ungarn seg til denne trenden med eit landsomfattande forbod som byrjar å gjelde i september.
Ungarn følgjer i fotspora til ei rekkje land, inkludert England, Frankrike, Austerrike, Sverige, Finland, Hellas og Nederland, som alle har innført forbod i løpet av eit relativt kort tidsrom – mesteparten av dei i løpet av det siste året.
I eit intervju med den ungarske avisa Magyar Nemzet, sa rektoren ved Nemeskürty István-fakultetet for lærar-opplæring ved Det nasjonale universitetet for offentleg teneste (NKE), Mihály Nánay, at forboden er ekstremt velkome, og at skulearbeid, studiar og den sosiale atmosfæren på skular kjem til å forbetre seg dramatisk.
Han lista opp fleire problem tilknytt smarttelefonar i skulen, inkludert elevar som filmar uønskte videoar i klasseromma; elevar som bruker smarttelefonar til digital mobbing; og i mange tilfelle, elevar som rett og slett glaner på telefonane sine, ser på videoar, eller skaper uro i klassen med desse apparata. I mange tilfelle ser enkelte elevar besette på telefonane sine under bordet – ute av stand til å kople seg frå og faktisk fokusere på oppgåvene sine.
Ein av dei største faktorane for Nánay er den sosiale fråkoplinga forårsaka av apparata, eit problem som han håper eit forbod vil løyse.
«Eg trur den viktigaste tingen er samfunnselementet i restriksjonen, slik at elevar ikkje ser på videoar i friminutta, men heller bruker tid med kvarandre, sjølv i skulegarden,» sa han. «Vi kan vere sikre på at skular vil gjennomføre den praktiske delen av lovverket på ein realistisk måte.»
Ei ny spørjeundersøking frå Szent István-instituttet fann ut at 85% av ungararar er einige med forbodet, noko som tydar at foreldre òg byrjar å innsjå farane som apparata utgjer. I enkelte tilfelle vil apparata bli gjort tilgjengelege dersom der er eit spesielt akademisk føremål med dei, men Nánay seier at forbodet er eit høve til å evaluere om digitale apparat er naudsynlege i det heile.
«Restriksjonen er òg eit godt høve til å vurdere om eit digitalt apparat verkeleg er naudsynleg for timane våre, eller om det same materialet kan undervisast ved hjelp av analoge metodar,» sa han.
Skular vil få lov til å innføre sine eigne retningslinjer når det gjeld straff, og dermed få ei høg grad av autonomi når det gjeld korleis dei skal handtere konsekvensane dersom elevar skulle ignorere forbodet.
I mange tilfelle kan lærarar samle inn telefonar, ein praksis som allereie blir gjort på mange skular.
Der er mange skular, spesielt grunnskular, der mobiltelefonar har blitt samla inn lenge utan eit offisielt juridisk rammeverk.
«Skulestyra kjenner best til sine eigne omstende, og dersom ekstra infrastruktur trengst, burde styresmaktene hjelpe dei. Den neste perioden vil òg bli ein testperiode når dei skal sjå kva slags vanskar og uventa situasjonar som kan oppstå, og vil måtte tilpasse reglane sine deretter, so der vil openbert kome ein lærings- og tilpassingsperiode,» sa han.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

En hel nettside om nwo end-game som ikke nevner den åpenbare sammenhengen med killgridden?
Tror du trenger litt Nuremberg 2.0 du og. jævla grifterfaen.
Pusher «I told you so vaxxer vs unvaxxed splittelse-biten?
Før eller siden får vi tak i deg, jævla frimurersøppel! Hører du?!
LikarLikar