Brasil innfører dagbøter på over 90 000 kroner for dei som bruker VPN for å få tilgang til no forbodne X

Nettstaden Your News melder:

Den brasilianske Høgsteretten handhevar no dagbøter på 9000 dollar [nesten 95 000 kroner] for individ og selskap som bruker VPN for å få tilgang til X, etter at plattforma vart forboden i landet.

Brasils Høgsterett har innført eit strengt straffesystem mot brukarar som prøver å omgå eit nyleg forbod mot sosialmedieplattforma X, tidlegare kjent som Twitter, ifølgje The Washington Examiner. I eit avgjerande trekk erklærte retten ei dagleg bot på 50 000 brasilianske real, som tilsvarer rundt 9000 dollar, for alle som bruker eit virtuelt privat nettverk (VPN) for å få tilgang til plattforma, som vart forboden 30.august 2024.

Forbodet, handheva av øvste føderale rettsminister Alexandre de Moraes, kom etter at X ikkje følgde ein ordre om å utpeike ein juridisk representant i Brasil. Dette kravet, som er essensielt for alle utanlandske selskap som opererer i landet, vart ikkje møtt av X, som førde til at plattforma vart utestengt. Avgjerda påverkar millionar av brasilianske brukarar og har utløyst omfattande diskusjon når det gjeld internettfridom og digitale rettar.

Moraes hadde tidlegare gjeve X ein frist på 24 timar til å utpeike den påkravde representanten etter at selskapet stengde ned sine operasjonar i Brasil, dette utifrå bekymringar for tryggleiken til sine tilsette. X hevda at dommaren valde seg ut selskapet som mål med «ulovlege ordrar» laga for å sensurere politiske motstandarar, ei skulding som selskapet gjentok i ei melding som vart lagt ut på plattforma.

Etter at tidsfristen gjekk ut, gav Moraes ordre om «umiddelbar, fullstendig og total nedstenging av X sine operasjonar» i Brasil. Handhevinga av denne ordren har Brasils Nasjonale telekommunikasjonsbyrå fått som oppgåve, og er ansvarleg for å blokkere plattforma på meir enn 20 000 breiband-IP-adresser i landet. I tillegg kravde Moraes at Apple og Google hindrar brukarar i å få tilgang til X på sine apparat, og gav ordre om at appen skulle fjernast frå ymse butikkar innan fem dagar.

Direktivet til retten gjeld òg bruk av VPN, som er brukt i vidt omfang for å skjule IP-adressene til brukarane og få det til å sjå ut som dei er på internett frå eit anna land. Medan VPN ikkje er eksplisitt forbode i Brasil, blir bruk av dei for å få tilgang til X no gjenstand for betydelege bøter. Derimot er det framleis uklart korleis styresmakter har tenkt å handheve denne straffa, spesielt med tanke på at mange VPN-tenester jo gjev anonymitet.

Denne juridiske handlinga skriv seg frå ein pågåande disputt mellom X og brasilianske styresmakter, som byrjar i april då Moraes gav plattforma ordre om å blokkere kontoar assosiert med «digitale militsar» som støtta tidlegare president Jair Bolsonaro i sitt forsøk på å bli sitjande med makta etter valnederlaget i 2022.

X-adm.dir. Elon Musk har vore tydeleg i sin kritikk av Moraes, og samanlikna dommaren med Harry Potter-skurken Voldemort i ein serie innlegg på plattforma. 29.august kom X med ei melding som fordømte forbodet, og slo fast at det vart innført fordi selskapet «ikkje ville etterkome hans [Moraes] ulovlege ordrar om å sensurere hans politiske motstandarar». Selskapet indikerte òg planar om å offentleggjere detaljar om krava til domstolen og relaterte begjæringar dei komande dagane.

Innføringa av forbodet og bøter har reist bekymring om framtida til digitale rettar i Brasil, eit land der sosiale media er ein integrert del av offentleg kommunikasjon. Når brasilianske styresmakter no går ut med desse tiltaka, vil det globale samfunnet følgje nøye med for å sjå korleis denne utviklinga påverkar det breiare landskapet av internettfridom.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget