Russia Today (RT) rapporterer:
Cosmopolitanisme og individualisme blant unge kan bli eit hinder for utviklinga og den økonomiske veksten til Russland, har russiske styresmakter sagt.
[Cosmopolitanisme er ideen om at alle menneske er medlemmer av eitt enkelt samfunn; oms.an.]
Åtvaringa er å finne i Strategi for Russland sin ungdomspolitikk til 2030, som vart godkjent av regjeringa i Moskva sist torsdag [29.august 2024]. Dokumentet vart laga etter ordre frå den russiske presidenten Vladimir Putin.
«Der er nesten 38 millionar menneske i alderen 14 til 35 i Russland. Å ivareta framtida deira er… viktig for å sikre nasjonaltryggleiken. Dette vil krevje samla innsats frå statlege organ og nonprofitt-organisasjonar og, viktigast av alt, involvere unge menn og kvinner i avgjerdstakinga,» sa den russiske statsministeren Mikhail Mishustin under eit kabinettmøte.
I strategidokumentet vart det peikt på at dersom Russland skal fungere som ein «mektig, økonomisk utvikla stat», er det naudsynleg med ei befolkning som er «nasjonalt orientert og støttar tradisjonelle verdiar». Dette burde bli oppnådd gjennom «den harmoniske utviklinga av unge og deira kreative potensial», stod det å lese.
På grunn av nøkkelrolla dei har i samfunnet, har den yngre generasjonen blitt valt ut som «hovudmålet for ideologisk intervensjon som blir utført frå utsida for å svekkje den russiske staten», la dokumentet vekt på.
Ein av hovudtrugslane mot ungdommen i landet som dokumentet lista opp, er «påføring av den vestlege livsstilen og forbruksvanane», som inkluderer ekstraterritoriale, apolitiske synspunkt og seksuelle avvik.
Moralsystemet til den yngre generasjonen i Russland «reflekterer verdiforskyving frå kollektivisme til individualisme, og frå statisme til cosmopolitanisme i løpet av dei siste 30 åra,» stod det å lese.
I dokumentet stod det at «individualistiske verdiar fører ofte til vanskar for unge med å danne forhold i familien, med venner og på arbeidsplassen». Det valde seg spesielt ut utvikling av kollektivistiske verdiar innan aldersgruppa som ei viktig oppgåve for regjeringa dei neste seks åra.
Enkelte av dei andre farane for unge som vart nemnt i strategien, er eit svakare samband mellom generasjonane, degradering av tradisjonelle spirituelle og moralske verdiar, juridisk nihilisme, mangelfull involvering i sosialt nyttige aktivitetar, og eit aukande tal brotsverk utført av yngre, inkludert ved hjelp av informasjons- og kommunikasjonsteknologi.
Ifølgje dokumentet skal nøkkelområda innan russisk ungdomspolitikk fram til 2030 vere å støtte friviljug-rørsla og patriotiske organisasjonar, introdusere ekstra høve til å studere, og avansert opplæring, utvide tilgang til kvalitetsinnhald på nettet som del av kulturelle og utdanningsrelaterte initiativ, fremje det russiske språket som ein basis for samarbeid på internasjonale plattformer, og skape ekstra infrastruktur for rekreasjon og sport.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
