Håkonsvern med Å

Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er oppdikta.

Etter ein endelaus æra med mørke, blir det plutseleg lys.

Der det tidlegare låg eit levande skjelett ligg det no eit daudt eit. Beingrinda er dekt av rotnande kjøt, og svære, feite, ekle makkar kryp rundt og har tidenes fest. Alt i rommet er rotna vekk, berre reimane heng att rundt armane og beina. Eit par perleøyredobbar og eit sølvsmykke med eit hjarteforma, diamantspekt anheng ligg i det rotnande kjøtet og glitrar so patetisk. Den kroppen har vore daud lenge.

«Vel…» seier doktor Gudrun. «Vi kan trygt seie at Merete aldri vil sitje i ein rettssal. Lat oss ta ein smittevask av rommet. Og skifte alt innvendig inventar og kledning. Merkantilt må ta ein telefon til eit selskap som… har litt meir peiling på sanitærreinsing enn vi har. Skitarbeid har vi nok av frå før her på Sandviken!»

Merete svevar i rommet og ser på sitt eige rotnande lik. Ein uuthaldeleg angst gjennomsyrar ho. Ho prøver å hyle, men greier berre å gape. Ho er eit nake torso omringa av eit uhyggjeleg lys. Armane og beina er vekke. Perleøyredobbane og det glitrande sølvsmykket med diamantanheng skin mot den bleike huda.

Det blir igjen mørkt.

Neste gong lyset kjem tilbake, kjem ein heil stab med menneske i kvite drakter og masker. Dei byrjar den særs langdryge jobben det er å sanere eit rom der det har lege eit daudt menneske og fått rotne vekk utan at nokon har brydd seg nemneverdig. No skal nemleg karma krevjast inn, og denne torpedoen køddar ingen med.

Det vitskremde spøkjelset grin og hikstar i redsel der ho svevar høgt oppe i hjørnet på rommet. Ho kan ikkje bevege seg ein centimeter, ho er låst fast til dette rommet, til denne augneblinken, til dette evige panikkanfallet. Auga sprengjer av tårer, men ikkje ei einaste tåre får forlate ho. Inga lette skal nokosinne skje.

Til slutt blir beingrinda, perleøyredobbane og smykket kasta ned i ein bossekk.

«Veit du om dei jordiske restane til Midazolam-Merete skal til eit gravferdsbyrå?» høyrer Merete nokon spørje.

«Nei, vi skal berre kaste dei i restavfallet,» svarer ein annan.

«Smykka òg?»

«Har du lyst på smykke som har vore på eit lik?»

«Nei, nei. Men kva med dei etterlatne?»

«Hehe, dette er Midazolam-Merete. Ho har ikkje lenger nokon etterlatne. Ho er heilt åleine. Ho er død åleine. Og ho fortener det. Fitta tok livet av halve slekta mi.»

«Ja, mi òg,» lyd ei tredje stemme.

«Vel, då har vi gjort eit sømeleg dagsverk her, folkens. Lat oss kome oss vekk herifrå.»

«Ja, men vi må ikkje gløyme å sende dei faktura.»

«Ingen fare, det tek Lars seg av!»

«Hmm, kanskje eg kan ta smykka, reinse dei og prøve å få dei selt…»

«Som du vil!»

Mørket seinkar seg igjen over rommet som sjela til Merete har vore fanga i i noko som kjennest ut som heile universet si levetid frå Big Bang til Big Fart (eller kva enn slags namn Vitskapen® har dikta opp på den angjevelege døden til universet).

Ho hikstar av redsel og skjelv av angst. Ho veit ho er død. Skal ho vere slik for alltid?

Brått går eit episk sjokk gjennom ho. Eit blendande lys omgjev ho. Det må vel vere slik det kjennest ut å bli treft av lynet. Ho er plutseleg inne på eit stort kontorlandskap. Ute er det grått og regn. Til si store forbløffing kjenner ho igjen området som Haakonsvern vest for Bergen. Bortsett frå at ho ikkje har høyrt gjete at det er eit stort kontor her ute. Ho trudde det berre var ein militærbase som Noreg har selt til USA for eit uspesifikt beløp.

Framfor ei datamaskin sit ei fyldig dame med brunt, kort hår og briller. Ho er kledd i ein kvit, høghalsa genser og eit svart skjørt som når ho ned til knea på dei breie låra. Beina er kledd i kvite knestrømper, ho er naken frå knea og opp, kan det sjå ut som. I øyra glitrar det eit par perleøyredobbar som verkar mistenkjeleg kjende. Rundt halsen, i kontrast til det kvite, jomfruelege stoffet på genseren, glitrar sølvsmykket med det hjarteforma, diamantspekte anhenget.

Merete blir fylt av djupaste forvirring. Ho svevar i rommet og ser ned på denne dama, som ser ut til å ha ein slags kontorjobb – kva elles skal ein på eit kontor å gjere? Og kvifor har ho på seg avdøde Merete sine smykke? Det er utenkjeleg at det er nokon andre sine smykke. Ho kjenner jo igjen øyredobbane ho har gått med sidan ho var tenåringsjente, og smykket ho har gått med sidan nyttårsaftan 2023.

Rundt eit hjørne kjem ei blondine på høghæla sko trippande. Ho er kledd i ein lyseblå, skinande bluse med gullknappar. Utringinga er djup og viser den botnlause kløfta på dei enorme gallionsfigurane av nokre puppar. Svarte, skinande tights viser konturane av noko som utan tvil er ein anatomisk korrekt kvinnekropp. Rundt halsen glitrar tre gullsmykke. Det strammaste har ikkje noko anheng. Det andre smykket har ein liten «E». Det tredje, som dinglar evig over kløfta, har ein pyramide som anheng. I øyra dinglar det gulløyreringar. Auga hennar er isblå og kalde som på eit rovdyr.

«Vel, vel, vel…!» seier ho i det ho tårnar over den fyrste dama. «Eg ser du har byrja å følgje kleskoden her på Håkonsvern med Å…!»

«J-ja, eg kjøpte heile antrekket, inkludert smykke og perleøyredobbar, billeg på bruktbutikk,» svarer dama.

Ingen av dei to ser ut til å leggje merke til arm- og beinlause Merete som svevar oppe i hjørnet med identisk smykke og perleøyredobbar. Kanskje like greitt. Folk har ein tendens til å sjå det dei vil sjå, og ignorere openberre fakta.

«Flott…!» Blondina smyg seg leikent bak den sitjande dama og legg hendene på skuldrene hennar. «Korleis er stoda nede i avdelingane?»

«Heilt i orden…! Eg fekk rapport frå vakthavande via telefon då eg kom på jobb…! Ballongtryna har sove som steinar…! Naudaggregata er òg sjekka, jamfør tryggleiksprosedyren…!»

«Flott…! Veldig flott…! Det er meldt lyn og torevêr i dag, so då gjer det ingenting om straumen skulle bli vekke i periodar…!» Ho kviler hendene på skuldrene. Neglene er lange og lakkerte. Det er òg neglene til den sitjande dama.

«Øh, eg har eit spørsmål, Erika.»

«Spør i veg, eg er sjefen din og er her for å rettleie deg…!» Ho bit seg i leppene og stønnar sensuelt.

«Stemmer lønna til pleiarane? Den er jo… mildt sagt over tariff…! Ganske mykje over…!»

«Lønna hjå oss alle stemmer på ein prikk…! Selskapet vi jobbar for, har nærmast uendeleg med ressursar…! For å seie det slik: vi treng aldri meir å bekymre oss for auka rente på bustadlånet eller prissamarbeid i daglegvarebutikkane…!»

«Godt å høyre. Eg trudde eg hadde misforstått.»

Erika bøyer seg nærare venstreøyret og kviskrar ømt:

«Tru meg, Elin, det har du ikkje…! Du har forstått alt heilt perfekt…!»

«J-jamen, det er jo so mykje…! Eg blir heilt småsveitt der eg sit…!»

«Hihi, du er ikkje den einaste som er småsveitt…!» Erika klukkler, før ho stryk hendene lett og leikent nedover ryggen på Elin. «Vel, eg må arbeide litt sjølv…! Men vi snakkast til lunsj…!»

Erika trippar med nasen i sky og puppane og rumpa herleg struttande. Stakkars Merete vrir på seg i lufta. Ho kan knapt tru det. Ho er eit spøkjelse, og ho er sprengkåt! Og for å setje prikken over i-en, so er ho låst fast i eit hjørne og tvinga til å observere ei kontorrotte sitje og gjere sin bullshit-jobb dagen lang!

Er dette hennar sokalla ironiske helvete? Ho hadde strengt teke forventa seg noko langt verre.

Kommenter innlegget