Arrestasjon av Telegram-grunnleggjar viser at dei ekte totalitære er vestlege land, ikkje Russland

Belle Carter i Natural News melder:

Den franske presidenten Emmanuel Macron møter massiv motbør og blir skulda for totalitarisme og undertrykking av ytringsfridommen, spesielt frå tech-industrien, etter at franske styresmakter arresterte Telegram-grunnleggjar og adm.dir. Pavel Durov nyleg på grunn av skuldingar om at plattforma hans blir brukt til ulovlege aktivitetar, inkludert narkotikahandel og distribuering av bilete som viser seksuelt misbruk av barn.

Fleire prominente tech-gründerar og offentlege figurar, inkludert Elon Musk i X, har kritisert trekket for å vere selektiv forfølging mot ein kjent forkjempar for ytringsfridom.

«Arrestasjonen av Telegram-presidenten på fransk territorium fann stad som del av ei noverande juridisk etterforsking. Dette er på ingen måte ei politisk avgjerd. Det er opp til dommarane å avgjere det,» påstod Macron, og fordømte det han kallar «falsk informasjon» som verserer rundt saka.

Durov, ein russiskfødd fransk-emiratisk borgar, vart sett i varetekt på Paris-Le Bourget-flyplassen i Frankrike laurdag etter å ha kome frå Aserbajdsjan. Han vart sleppt ut frå politiets varetekt onsdagen etter, og overført til rettssalen for å bli avhøyrt i forkant av ei mogleg stemning, sa påtalestyresmaktene til CNN. Milliardæren forlét anti-bedragerikontoret utanfor Paris i det som såg ut til å vere eit politikøyretøy onsdag ettermiddag.

I ei melding sa Telegram at dei følgjer EU-lover, og at innhaldsmodereringa deira er «innanfor industristandarden og konstant under forbetring». Selskapet la til at Durov «har ingenting å skjule og reiser ofte rundt om i Europa».

«Det er absurd å hevde at ei plattform eller eigaren til den er ansvarleg for misbruk av den plattforma,» stod det å lese i eit eige innlegg på plattforma. «Nesten ein milliard bruker Telegram til å kommunisere og tileigne seg viktig informasjon. Vi ventar på ei rask løysing av denne situasjonen. Telegram er med dykk alle.»

Den juridiske etterforskinga vart opna mot ein namnlaus person, og tiltalane er: «Delaktigheit – å vere webmaster på ei nettplattform for å mogleggjere ulovleg transaksjon i ei organisert gruppe, å inneha pornografiske bilete av mindreårige, erverve, transportere, inneha eller tilby narkotiske substansar, tilby, selje eller gjere tilgjengeleg, utan legitime grunnar, utstyr, verktøy, program eller data laga for eller tilpassa til å få tilgang til og skade operasjonen til eit automatisert data-prosesseringssystem; og kriminell tilknyting for å utføre eit brotsverk eller straffbar handling som kan straffast med fem års fengsel eller meir,» blant anna.

På X uttrykte Macron den djupe forpliktinga Frankrike har til ytringsfridom og kommunikasjon, til innovasjon og til gründerånda. «I ein stat styrt av lover og regler blir fridom halde oppe innanfor eit juridisk rammeverk, både på sosiale media og i det verkelege livet, for å beskytte borgarar og respektere deira fundamentale rettar,» la han til.

Trending Politics-eigar Collin Rugg delte innlegget til Macron, og kommenterte at folk ikkje lenger trur på løgnene til den franske leiaren. […]

Russland kritiserte òg Paris for at dei pågreip Durov. Talskvinne for utanriksministeriet, Maria Zakharova, sa: «Det ser for meg ut som om alt dette igjen har demonstrert den verkelege haldninga til den franske leiarskapen, som eklatant har trakka på internasjonale normer når det gjeld å beskytte ytringsfridom og uttrykk, av berre éin grunn – fordi dersom dei beskyttar visse standardar, må dei ikkje berre lyde dei, dei må beskytte og implementere dei.»

Telegram vart lansert i 2013 av Durov og broren hans Nikolai. No har den meir enn 950 millionar brukarar, noko som gjer den til den mest brukte meldingsplattforma i verda. Samtalar på appen er krypterte, noko som tydar at politibyrå og Telegram sjølv har lita oversikt over kva brukarar legg ut.

Russland utfordrar Frankrike med sterke bevis mot Durov

Pressesekretæren til den russiske presidenten Vladimir Putin åtvara Macron om at han helst bør ha ein særs god sak mot Durov.

«Skuldingane er verkeleg særs alvorlege og dei krev eit like alvorleg bevisgrunnlag,» sa Kreml-talsmann Dmitry Peskov på si pressebriefing ifølgje nyheitsbyrået Interfax. «Dersom ikkje, er dette eit direkte forsøk på å avgrense kommunikasjonsfridommen og, kunne ein til og med seie, direkte intimidere leiaren i eit digert selskap.»

«Med andre ord vil det vere nøyaktig den politikken monsieur Macron nekta for i går i denne historia,» la han til,

Peskov la til at Russland håper «Durov vil få alle dei naudsynlege høva til sitt juridiske forsvar. Naturlegvis, med tanke på hans russiske statsborgarskap, er vi klare til å gje all assistansen og støtta som trengst. Men situasjonen blir komplisert av det faktum at han òg er ein fransk borgar.»

Han nekta òg for reportasjar om at Kreml gav tenestepersonar ordre om å slette sin chat-historikk på Telegram etter arrestasjonen av Durov, og sa at dei ikkje skulle bruke meldings-appar for offisielle forretningar i fyrste omgang.

«Å slette kommunikasjon er den reine, skjere dumskap. Tenestepersonar burde ikkje bruke meldingstenester for offisielle føremål. Ingen meldingsteneste er påliteleg når det gjeld informasjonstryggleik – ikkje eingong Telegram. […] Difor, naturlegvis, ber ingen nokon om å slette noko som helst,» sa Peskov.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget