Steve Watson på nettstaden Modernity.news rapporterer:
Robert F. Kennedy Jr. har sagt at individ som tok del i «kriminell» åtferd under pandemien framleis må haldast ansvarlege.
Kennedy, som står lagleg til for ei helserelatert stilling i Donald Trump sin administrasjon om han skulle bli valt, erklærte nyleg at der må kome eit «oppgjer» mot dei som er ansvalrege.
I ein tale på arrangementet Limitless Expo, viste Kennedy eksplisitt til Anthony Fauci, og sa «Eg skreiv ei bok om Fauci. Det er ei glimrande bok. Der er 2200 fotnotar i boka… Eg inviterte folk til å finne problem med boka… Og ingen fortalde oss nokosinne om nokon som helst faktafeil i den boka.»
Han hevda at Fauci og andre brukte sine posisjonar under covid til å handheve «totalitær kontroll som ikkje hadde vitskapleg grunnlag».
«Det er eigentleg ei historie om folk som var involvert i verkeleg frykteleg, umoralsk, mordarisk og kriminell åtferd,» sa Kennedy bestemt.
Han sa at effektive behandlingsmetodar vart undertrykt, og sa «Ivermectin var ein særs, særs øydeleggjande kur mot covid. Den sletta bokstaveleg tala ut covid.»
«Ved å frårøve folk ivermectin, døydde det mange, mange, millionar av menneske rundt om i verda, og det trong dei ikkje,» la Kennedy til, og sa at Fauci og andre pressa FDA til å fråråde slik behandling i favør av å ustanseleg pushe uprova og utesta vaksinar.
«Der fanst kurar mot covid frå dag éin, særs effektive kurar. Men dei ønskte ikkje det. Dei ville berre ha vaksinen,» sa Kennedy, og la til «dersom dei innrømte at nokon av [behandlingane] var effektive, ville heile vaksineprosjektet ha falle frå kvarandre».
Kennedy la til at etter vaksineringa fann det stad ein eksplosjon av myokarditt-tilfelle blant unge, spesielt atletar.
«I snitt, trur eg, var det rundt 29 i månaden globalt, atletar som døydde på bana. Vi snakkar rundt nokre hundre i månaden no,» la Kenney vekt på.
Han konkluderte at «vitskapen er der ute no, og det er øydeleggjande».
Etter å ha uttrykt støtte til Trump førre månad, erklærte RFK Jr. at han er klar til å hjelpe til med å «gjere USA friskt igjen» [make America healthy again].
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
