Sean Adl-Tabatabai på nettstaden The People’s Voice melder:
World Economic Forum (WEF) har innrømt at covid-19-pandemien var ein test på kor lydige folk er når det gjeld å akseptere deira «Nye verdsorden».
WEF la ut denne innrømminga på «My Carbon»-sida på nettsida si der dei prøver å selje inn konseptet 15-minutts-/smart-byar.
The Gateway Pundit rapporterer: Den fyrste av tre «utviklingar» som WEF seier må vere på plass før verda kan utvikle seg til deira utopiske visjon av «smarte og berekraftige byar», er lydigheit overfor restriksjonar på fridommen vår. Det står å lese:
«1. Covid-19 var testen på sosialt ansvar – Eit stort tal ufattelege restriksjonar på grunn av folkehelsa vart tekne til seg av milliardar av borgarar over heile verda. Der var tallause døme globalt på å følgje reglar om sosial avstand, gå med munnbind, massevaksinasjonar, og det å akseptere kontaktsporande appar på grunn av folkehelse, som demonstrerte kjernen i individuelt sosialt ansvar.»
Dei dreiv og testa oss. Det er det heile covid handla om. Dei ønskte å sjå kor mange av oss som var viljuge til å gje opp vår individuelle fridom og individuelle suverenitet ved å lyde ein «ny normal» som bestod av restriksjonar som grensa til det absurde.
Kvifor var det til dømes «trygt» å handle på digre kjøpesenter, men utrygt å handle i ei småbedrift eller gå i kyrkja? Kvifor var det OK å reise på marknader i Michigan, men ikkje kjøpe frø til ein hage?
Det WEF antydar med meldinga ovanfor er at for å vere «berekraftige», må folk og samfunn vere lydige overfor ein ny, meir autoritær global orden. Ikkje still spørsmål. Ikkje bruk logikk. Berre gjer som de får beskjed om.
Vil vi vere lydige overfor idiotiske nye lover og retningslinjer, slik som å gå med munnbleier for å stoppe det som vart sagt å vere aerosol-virus, og stå to meter frå kvarandre i det offentlege rom, og underkaste oss ikkje-autoriserte, mRNA-genbaserte injeksjonar som aldri har blitt brukte før?
Dei sa det var bra for deg, so brett opp ermet. Ikkje still spørsmål. Dersom du gjorde det, kunne du misse jobben og bli behandla som om du var utstøytt frå samfunnet. Mange miste vennene sine og til og med nære familiemedlemmer på grunn av denne uhyrlege «testen» på kor viljuge vi var til å ukritisk gjere det vi fekk beskjed om.
Nesten fem år seinare innrømmer WEF, som udiskutabelt er den mektigaste nonprofitt, offentleg-private partnarskapen i verda, at alt var ein test på viljen vår, og dei feirar det faktum at mesteparten av oss strauk (eller bestod med glans, alt etter korleis du ser på det).
Dei ønskte å finne ut kor mange av oss som ville bevise kor lett vi underkasta oss det lovlause, fascistiske beist-systemet ved å lyde «ufattelege restriksjonar», der mange vart skapte ut av tomme lufta med absolutt ingen vitskapleg evidens som støtta at dei bidrog noko som helst til folkehelsa.
Topp-helsebyråkraten i den amerikanske regjeringa, dr. Anthony Fauci, innrømte nyleg at der var ingen vitskap bak avgjerda hans om å krevje at amerikanarar skulle halde sosial avstand på seks fot [1,8288 meter].
Dei ønskte berre å sjå kor mange av oss som ville bevise vår blinde truskap overfor «autoritetane» i kvite frakkar, eller i dress med slips.
Betatesten kjent som covid-19 beviste atter ein gong validiteten til Milgram-eksperimentet. Eksperimentet vart utført i 1961-62 av Yale-professor Stanley Milgram.
Det viste at det overveldande fleirtalet av amerikanarar lydde ei lov eller ein ordre som dei visste var gale, dersom ordren kom frå ein offisiell autoritetsfigur. Alarmerande 65% av amerikanarar ville vagt nølande bryte sitt eige samvit og lyde ordren, sjølv om dei visste at det ville resultere i dødsfallet til ein uskuldig person. […]
Omsett og noko forkorta av redaksjonen i Saksyndig.
