Covid-bløffen øydela livet vårt og gav oss alvorlege traume – vi kan ikkje berre gløyme det

Henry Makow skriv på nettsida si:

Vi har alle blitt øydelagde, ikkje berre av svindelen, men verre, av det faktum at samfunnet behandla oss på den mest avskyelege måte. Er fornekting måten å handtere dette traumet? Ingenting vi vart fortalt var sant. Der har ikkje vore noko oppgjer, ingen forteljingar om biverknader. Gjerningsmennene har ikkje blitt straffa. Vi driv framleis og låst som det ikkje skjedde. Attentatet på JFK, 11.september… Kva anna er nytt?

Under er utdrag frå ein tråd som dukka opp på Reddit Conspiracy Sunday:

Har alle lagt covid bak seg?

«1+1=2, staten ønskjer framleis å rævkøyre både barna dine og deg.»

«Etter alt som har skjedd sidan byrjinga på pandemien, har det vore særs vanskeleg for meg å handtere det at alle oppfører seg som om nedstengingane og restriksjonane aldri skjedde. Eg vart tvinga til å ta vaksinen, som eg visste var ein dårleg idé, men eg trudde eg ikkje kunne halde på ein jobb på det punktet (og eg angrar verkeleg dette om nokon kan hjelpe meg med støttesamtalar om å ta denne avgjerda).

So mange menneske vart om til tyrannar som sa til oss kva vi kunne og gjere og kva vi ikkje kunne gjere. Mange tapte forhold. All informasjonen som kom ut etter nedstengingar og påbod beviste hovudsakleg at desse ideane var falske, men media og staten ignorerer dette fullstendig. Eg var verkeleg aldri konspiratorisk før dette, men sidan 2021 har eg eigentleg mist all tillit til alle våre system og institusjonar. Sjølv når det gjeld menneske generelt, slit eg med sosialisering. Slit nokon andre òg?

Eit godt likt lokalbakeri i nærområdet mitt stengde fordi begge eigarane tok livet av seg på grunn av dette. Etter å ha blitt tvinga til å stengje, tapte dei mykje pengar og eg reknar med det var for mykje for dei å takle.

Nyleg har der dukka opp tung reklamering på støymetenester om å passe på å bestille time til barna dine slik at dei får oppdaterte influensa- og covid-19-vaksinar. So dei driv og set årlege c19-vaksinar i same omfang som årlege influensavaksinar. Som alltid har vore ein svindel til å byrje med. 1+1=2, staten ønskjer framleis å rævkøyre barna dine og deg.»

Covid forsvann over natta

«Eg kan tydeleg hugse då heile denne agendaen berre stoppa – bokstavleg tala over natta. Ein dag vart ikkje covid lenger snakka noko meir om, ein dreiv ikkje lenger og prakka på folk vaksinar og omtrent stakk dei opp i rumpa på dei, talet døde og smitta vart ikkje lenger oppdatert kvar ettermiddag på nyheitene, og du måtte gjere ein viss innsats for å i det heile teke finne dei oppdaterte tala i enkelte område.

Dagane før var dette alt som vart snakka om og kasta rundt. Det at bølgja snudde over natta, passa perfekt med – om eg hugsar riktig – den russiske invasjonen av Ukraina, men òg, meir mistenkjeleg, rundt den tida då ein dommar bestemte at kliniske forsøksdata [frå covid-«vaksine»-testinga] skulle offentleggjerast i eit omfang av 12 000 [sider] innan slutten av den månaden, og so i eit omfang av 55 000 sider kvar 30.dag heilt til alle dei 450 000 sidene hadde blitt offentleggjort.

Dette var eit stikk mot den opphavlege offentleggjeringsfrekvensen som FDA hadde tenkt å gjere det, som var 500 sider i månaden / 6000 sider i året – og i den farten ville det ha teke 75 år å få med seg heile offentleggjeringa av dei kliniske forsøksdataa.

Dei fyrste 12 000 sidene skulle offentleggjerast på eller før 31.januar 2022. Den fyrste runden på 55 000 sider skulle offentleggjerast på eller før 1.mars 2022.

Russland invaderte Ukraina 24.februar 2022. Sidan februar er ein kortare månad, byrja denne invasjonen berre fire dagar – eller eit tidsrom på mindre enn 100 timar – før desse dokumenta skulle offentleggjerast.

Folk kan meine kva dei vil, eg kan ikkje dømme nokon, men eg kan rett og slett ikkje eksistere i den huddrakta eg har og vere i stand til å kalle dette eit jævla samantreff, og alle som ser på det som eit er, i det minste etter mi meining og med respekt for deira rett til sine eigne meiningar, absolutt sprø.

Eg seier ikkje at krigen byrja for å distrahere oss, men covid tok over liva våre i godt og vel to år, og det forsvann so å seie heilt frå media medan vi sov éi natt. For meg er dette galskap som eg aldri kjem til å forstå.

Dette føkka opp livet mitt på ein fundamental måte. Eg prøver framleis å kome meg på beina etter familiefeidane og depresjonen det påførde meg. Set ein særs sosial person i eit låst rom i to år og sjå kva det gjer med vedkomande. So tenkjer eg på barna, som ikkje kunne lære seg å snakke fordi dei ikkje kunne sjå andre sine lepper bevege seg bak desse forbanna munnbinda. Og tenåringane som ikkje fekk feire sisteåret på vidaregåande. Fyrste dagen på college. Kva faen? Og so har vi desse folka som var åleine på stranda, og som vart arresterte. Herregud. Den rullebrettparken i California som vart jamna med jorda. Vitamin D/sollys er det beste desinfeksjonsmiddelet. Fy faen, so dumt.

Covid var ein bløff, sjølv om det ikkje var det: det hadde ein tilfriskningsrate på godt over 90%.

Den einaste grunnen til at dei slapp unna med munnbind- og vaksinekrav var fordi altfor mange lydde.

Eg gjekk ikkje med munnbind og fekk sparken fordi eg ikkje lydde selskapet mitt sitt vaksinekrav. Eg vil framleis kjempe for min eigen fridom, sjølv om ingen andre vil kjempe for sin.

Den mørke sida til menneskenaturen viste seg verkeleg her, ikkje sant?»

*

Frå X: «Inga hending har traumatisert meg so mykje som å sjå nesten heile profesjons-, medie- og akademikar-klassane synast det var heilt i orden med den plutselege innføringa av totalitær kontroll på samvær, rørsle og ytringar, so lenge dei kunne slappe av heime – i den trua at der var eit drapsvirus i omløp – og henge saman på videochattar medan arbeidarane og bøndene heldt samfunnet gåande og leverte varer framfor ytterdørene deira. Den same gruppa var i ekstase over å få billionar i utbetalingar for å ha gjort dette.

Igjen, nesten heile den øvste tredjedelen av samfunnet syntest dette var heilt i orden, og dei protesterte visseleg ikkje. Mange i denne gruppa fabrikkerte orsakingar for sin djupt avskyelege forakt for andre.

Eg tviler på at eg nokosinne kan gjenvinne den respekten eg hadde for rike, velutdanna, dei med mange titlar, og dei vellykka. I covid-perioden brukte dei sine privilegium som eit våpen mot moderne ideal og mot alle folka som dei (i hemmelegheit) såg på som mindre verdt enn seg sjølve.

Dette skjedde verkeleg. Og det avslørte alt. Til sjuande og sist vart dei premierte for sine ufyselege haldningar og åtferd. Denne realiteten har meir enn noko anna som eg personleg har vore vitne til, forma synet mitt på nesten alt, og fundamentalt øydelagt mykje av det eg ein gong trudde.»

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget