Russia Today (RT) rapporterer:
Tech-mogulen Elon Musk har tilbydd seg å lage eit barn med Taylor Swift og beskytte kattane hennar, etter at songarinna erklærte si støtte i det amerikanske presidentvalet.
I eit innlegg til sine 280 millionar Instagram-følgjarar støtta den 34 år gamle popstjerna Demokraten Kamala Harris, og brukte eit bilete av seg sjølv der ho heldt ein katt, og skreiv under med «Barnlaus kattedame».
Det såg ut til å vere eit spark mot J.D. Vance, Republikanar-kandidaten Donald Trump sin valpartnar, som ein gong sa at Demokratane er styrt «av ein gjeng barnlause kattedamer».
«Greitt, Taylor… du vinn… Eg skal gje deg eit barn og vakte kattane dine med mitt liv,» skreiv Musk i eit innlegg på X onsdag [11.september 2024].
Musk har blitt far til minst 12 barn med tre ulike kvinner sidan 2000. Ein av dei døydde som spedbarn og ein annan vart transperson, og etter det kom milliardæren med sin berømte lovnad om å «øydeleggje wokesinn-viruset».
Han har òg ope støtta Trump og signalisert at han skal takke ja til stillinga som «statleg effektivitets-tsar» i administrasjonen hans.
Swift støtta Harris offentleg etter presidentdebatten med Trump tysdag kveld, der ho kalla ho «ein stødig, gåverik leiar» og argumenterte at USA kunne oppnå meir «dersom vi blir leia av ro og ikkje av kaos». Støtta kom ikkje akkurat som ei overrasking, sidan Swift støtta Joe Biden/Kamala Harris tilbake i 2020.
Hennar kattete innlegg tysdag resulterte i tap av følgjarar på sosiale media, noko som antydar at der kan liggje ein viss substans i rykte om at mange «Swifities» [Taylor Swift-fans] no favoriserer Trump.
«Swift si støtte av Harris kan ende opp med å koste ho fleire hundre millionar dollar,» skreiv teikneserieteiknar og kommentator Scott Adams på onsdag. Han kalkulerte med rundt 20% tap av hennar årlege inntekt på 92 millionar dollar fordi ho misser Trump-fans, og at ho må betale meir i skatt om Demokratane vinn, i tillegg til å stå overfor «sinnsjuke» enno ikkje skattelagde inntekter frå verdien av musikkatalogen hennar, som for tida er estimert til «rundt 500-600 millionar dollar».
«Men dersom ho seier seg einig i å gje Elon ein baby, kan ho gå i null,» skreiv Adams.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
