Sean Adl-Tabatabai på nettstaden The People’s Voice melder:
Den nye verdsordenen planlegg å bruke kunstig intelligens for å «avprogrammere» millionar av menneske som trur på sokalla «konspirasjonsteoriar», ifølgje ein urovekkjande ny rapport.
Ein nyleg studie frå John Templeton Foundation har bekrefta at dei globale elitane no har laserfokus på å velje seg som mål medlemmer av folket som trur på ikkje-hovudstraumsperspektiv, ifølgje Popular Science.
HeadLineUSA rapporterer: Studien, som har tittelen «Durably reducing conspiracy beliefs through dialogues with AI» [«å varig redusere konspirasjonstru gjennom dialogar med KI»], prøvde å motprove det vanlege synet at enkelte ikkje endrar meiningar, sjølv når dei blir presenterte overfor fakta og bevis.
Forskarar, som adresserte problemet «utbreidd tru på ikkje-dokumenterte konspirasjonsteoriar», postulerte at konspirasjonsteoriar kan, i motsetnad til det vitskaplege narrativet, bli motverka ved hjelp av systematisk faktasjekking.
Blant dei teoriane som vart testa, var meir tradisjonelle konspirasjonar slik som dei som involverer attentatet på John F. Kennedy, eller moglegheita for utanomjordiske landingar som var kjent av den amerikanske regjeringa.
Men andre inkluderte meir umiddelbart politiserte påstandar, slik som lovlegheita av covid-nedstengingar eller gyldigheita til 2020-presidentvalet, der begge er ei «større kjelde til offentleg bekymring».
Studien vart utført ved å ha konspiratoriske deltakarar ta del i korte samtalar med KI, med målet om å «kurere» deltakarane for sine visstnok falske meiningar.
Forskarar konkluderte at «behandlinga reduserte deltakarane si tru på sine utvalde konspirasjonsteoriar med 20% i snitt», noko som antydar at å «behandle» folk med visse fakta faktisk kan endre meiningane deira, spesielt når slike fakta kjem frå KI-bot-ar.
«Behandlinga» som vart motteken skal visstnok ha «vart uforminska i minst to månader», noko som tydar at slik kondisjonering kan bli del av vanleg behandling av dei som blir sett på som konspirasjonsteoretikarar.
Til sjuande og sist vart KI-kondisjonering avgjort å vere eit potensielt nyttig verktøy i å adressere dei «psykologiske behova og motivasjonane» til slike menneske. Forskarar spekulerte i om teknologien kan bli implementert på nettet dei neste åra, spesielt på nettfora eller på sosiale media.
David Rand, ein professor ved Massachusetts Institute of Technology, som var medforfattar av studien, sa til reporterar at han var optimistisk når det gjaldt framtida til KI-kondisjonering.
«Dette er verkeleg spennande,» sa han. «Det ser ut som det fungerte, og det fungerte i temmeleg vidt omfang.»
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
