Ethan Huff i Natural News rapporterer:
Microsoft-medgrunnleggjar, eugenikk-forkjempar og rotnande rynkefjes Bill Gates ønskjer å blande vaksinebesettelsen sin med kunstig intelligens (KI) for å kontrollere kva som blir sagt på nettet.
I eit nyleg intervju med CNBC forklarte Gates at medan han er ein vaksine-absolutist, føler han mykje annleis om ytringsfridom og First Amendment, som han ønskjer å sjå avgrensa med kva enn slags metodar som er moglege.
Gates føler det som om den amerikanske grunnlova og vernet der for ytringsfridom ikkje lenger gjeld, og at «grenser» og «reglar» trengst for å stoppe spreiinga av «feilinformasjon» på nettet og andre stader.
Den beste måten å leggje føringar på kva folk får lov til å seie, er å sende ut ein armé av KI-robotar for å straks og i direktetid identifisere og fjerne alt frå internett som Gates og vennene hans føler utgjer «falske nyheiter» eller «ukorrekt informasjon».
«Vi burde ha ytringsfridom, men dersom du oppfordrar til vald, dersom du får folk til å ikkje ta vaksinar, kor er desse grensene om at til og med USA burde ha reglar?» babla Gates om under intervjuet. «Og om du då har reglar, kva er dei?» […]
Kven trur Bill Gates at han er?
Når han vart pressa om kven som burde ha makta til å regulere ytringar, vart Gates ein tanke meir unnvikande, sjølv om han ser ut til å tru at han og dei som tenkjer slik som han burde sitje bak kontrollspakane.
«Finst der noko KI som kodar desse reglane, for om du har milliardar av aktivitet [sic] og du ser på det ein dag seinare, er skaden vekke,» kommenterte Gates.
Gates tenkjer so høgt om seg sjølv og sine eigne synspunkt og meiningar at han er på ein presseturné i skrivande stund for å fremje ein ny Netflix-«dokuserie» med tittelen What’s Next? The Future with Bill Gates, som vi har blitt fortalt vil ha minst fem delar. Fyren mislykkast tydelegvis i å innsjå at ingen likar han eller bryr seg om kva han meiner, men sidan når har ein milliardær eigentleg vore i kontakt med røyndommen?
Kanskje amerikanarar ville gjere klokt i å vurdere «the past with Bill Gates» [«fortida»] før dei tek valet om å kaste seg inn i ei eller anna dystopisk framtid styrt av KI-robotar med programmert sensur som sitt primæroppdrag.
«Vi kan sjå Windows, som han no fortel CNBC at han visstnok var naiv om, og trudde det berre ville bli brukt til ‘produktive og ansvarlege føremål’, sidan dei aller fleste gjerne vil ha ei datamaskin heime,» skriv Didi Rankovic for Reclaim the Net.
«Det dei fekk med Windows er derimot eit problem på sin eigen måte – medan Microsoft vart sett på av kritikarar som ei jakt på openkjelde-konkurranse som ei monopolistisk, anti-konkurranse-konsern-bølle. Men her er Gates no og fortel oss korleis framtida burde sjå ut.»
I fjor på bloggen sin erklærte Gates at «KI-ens alder har byrja». I eit innlegg skreiv han at KI «kjem til å endre måten menneske arbeider, lærer, reiser, får helseomsorg og kommuniserer med kvarandre.»
«Heile industriar kjem til å reorientere seg rundt det,» la Gates til. «Føretak vil skilje seg ut ved kor godt dei bruker det.»
Gates føler det som om KI kan hjelpe barn med å få ei betre utdanning, spesielt «svarte, latino-ar og elevar med låg inntekt».
«KI kan hjelpe til med å snu den trenden,» slår Gates fast.
Den største arenaen der Gates vil at KI skal ta kontroll, er klimaendring. Gates trur at KI programmert til å adressere «urettferda til» klimaendring vil «gjere verda meir utfallslik».
KI er framtida til verda (sidan all ekte intelligens tydelegvis forsvann for lenge sidan).
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
