William Upton på nettstaden The National Pulse rapporterer:
Biden/Harris-regjeringa sitt Department of Homeland Security (DHS) avviste ein førespurnad av vidare etterforsking av Ryan Routh – mannen bak det andre attentatforsøket på Donald Trump – etter at han vart flagga av amerikanske Customs and Border Protection (CBP) [dei amerikanske grensevaktene] då han kom tilbake til landet frå Ukraina i juni 2023. Grenseagentar intervjua Routh som ein interesseperson på Honolulu-flyplassen i fjor, ifølgje byrådokument.
Ein memo arkivert av CBP indikerer at grenseagentar var klare over at Routh hadde reist til Polen i 2022 og Tyrkia i 2023, og var mistenkt for å reise vidare til Ukraina. Under sitt intervju med CBP hevda den framtidige attentatmannen at reisene hans var del av eit forsøk på å rekruttere over 100 utanlandske soldatar frå Afghanistan og andre nasjonar til å kjempe mot den russiske invasjonen.
«Personen er ein USC [tyding uviss; oms.an.] som har reist til Kiev, Ukraina, i tre månader for å hjelpe til med å rekruttere soldatar frå Afghanistan, Moldova og Taiwan til å kjempe i den ukrainske krigen mot Russland,» står det å lese i intervjunotata til grenseagentane. Dei legg til: «Personen seier at han ikkje får betalt for sin rekrutteringsinnsats, og at alt hans arbeid for den ukrainske regjeringa berre er friviljug arbeid. Personen viste fram sitt rekrutterings-forretningskort (korta har blitt lasta opp), som listar opp hans rekrutteringspartnarar som han snakkar med for å rekruttere soldatar frå Afghanistan, Romania, Pakistan, Syria og Israel.»
Det står òg i CBP-memoen at Routh deretter vart vist til Biden/Harris-administrasjonen si Homeland Security Investigations (HSI)-eining under DHS for vidare etterforsking. Derimot avviste HSI saka.
I 2019 vart Routh – ein dømt forbrytar – flagga av føderalt politi på grunn av mistanke om at han ulovleg eigde eit skytevåpen. So, i juni 2022, hadde ein sjukepleiar som hadde møtt Routh i Ukraina varsla CBP-agentar om at han var potensielt farleg og utviste bisarr og rovdyraktig åtferd.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
