Den mistenkte i attentatforsøket på Trump tilbaud «150 000 dollar til den som kunne fullføre jobben»

Hannah Knudsen i nettavisa Breitbart rapporterer:

Den mistenkte i Trump-attentatforsøket, Ryan Wesley Routh, tilbaud 150 000 dollar til «den som kan fullføre jobben», ifølgje eit brev motteke av Justisdepartementet.

Justisdepartementet seier dei fekk det gjennom eit vitne. Det vitnet hevda å ha fått brevet i ei øskje for nokre månader sidan, men at det individet ikkje opna øskja før etter å ha høyrt at Routh var involvert i eit attentatforsøk i Palm Beach 14.september 2024. Øskja skal visstnok ha innehalde fleire skriv, der eit av dei såg ut til å knyte seg til det nylegaste attentatforsøket på Trump, med tittelen «Dear World» [«kjære verd»], der det vart bede om orsaking for å ha mislykkast i å drepe den tidlegare presidenten Donald Trump. I det spesifikke brevet, som skal ha blitt skrive av Routh, tilbyr han 150 000 dollar til den som kan fullføre jobben og vellykka myrde den tidlegare presidenten.

«Dette var eit attentatforsøk på Donald Trump, men eg er lei meg for at eg svikta dykk,» står det å lese i brevet.

«Eg prøvde so godt eg kunne og gav alt motet eg kunne oppdrive. Det er no opp til deg å avslutte jobben, og eg skal tilby 150 000 dollar til den som kan fullføre jobben,» står det vidare.

«Alle rundt om på kloden frå den yngste til den eldste veit at Trump er uskikka til å vere alt, og iallfall ein amerikansk president. Amerikanske presidentar må som eit absolutt minimum inneha den moralske veven som er USA og vere snille, omsorgsfulle og usjølviske og alltid stå for menneskeheita,» legg det til.

Brevet dukkar opp no når delstaten Florida etterforskar det andre attentatforsøket på Trump, sjølv om guvernør Ron DeSantis (Republikanar) sa førre veke at dei føderale organa ikkje er samarbeidsviljuge.

På spørsmål om dei føderale organa er samarbeidsviljuge i etterforskinga, og om han er bekymra for at han ikkje får den informasjonen han treng, sa DeSantis til Lara Ingraham: «Svaret er nei. Dei er ikkje samarbeidsviljuge.»

«Ja, eg er bekymra. Eg meiner til dømes at vi blir avvist. Etterforskarane våre vart avvist for å berre gå til gjerdet utanfor Trump International Golf Club i West Palm Beach,» sa guvernøren, og rettferdiggjorde at delstaten etterforska sidan der var «fleire brot på Florida-lova i fleire jurisdiksjonar».

«Vi tenkjer minst tre juridiske område,» sa han. «Denne fyren, Ryan Routh, utførde potensielle brot på Florida-lova. So vi har ei plikt til å etterforske dette. Vi har ei plikt til å kome med dei passande tiltalane, og vi har òg ei plikt til å informere folket om korleis dette skjedde,» la DeSantis til, og lovde gjennomsiktigheit frå Florida si side.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget