Tyskland arresterer par for «ulovlege» RT-sendingar

Russia Today (RT) rapporterer:

Dei tyske styresmaktene har arrestert eit par som er mistenkt for å tilby RT og andre russiske TV-kanalar til kundar via internett, som er i strid med EU-sanksjonar.

Blokka forbaud nesten alle russiske medieorganisasjonar i mars 2022, då dei kalla dei ein trugsel mot demokratiet og viste til Ukraina-konflikten. EU-forboda vart deretter gjeldande over heile verda av USA-baserte sosialmedie-gigantar slik som YouTube.

«Dei mistenkte er ein 37 år gammal tyskar og hans 42 år gamle kone med ukrainsk nasjonalitet,» sa den tyske tolltenesta (Zoll) på fredag [27.september 2024]. Dei skal «visstnok ha tilbode fleire sanksjonerte russiske TV-kanalar til kundane sine via ei IP-TV-teneste iallfall sidan byrjinga av 2022.»

Politiet i byen Karlsruhe raida leilegheita til paret sist torsdag, ifølgje meldinga frå tolltenesta. Dei fann «omfattande teknisk utstyr, skrivne bevis og 40 000 euro (44 686 dollar) [469 093 kroner] i kontantar», og alt dette vart beslaglagt.

Tenesta til paret «inkluderte truleg velkjende kanalar slik som ‘Rossiya 1’ og ‘Russia Today’,» sa den tyske tolltenesta.

Distriktsretten i Karlsruhe, ein by i Baden-Wurttemberg nær den tyske grensa til Frankrike, har òg utstada ein aktiva-beslagleggingsordre på rundt 120 000 euro (134 000 dollar) [1,4 millionar kroner] i «ulovleg inntekt» frå den påståtte aktiviteten.

Ingen av dei mistenkte vart identifiserte med namn. Dersom dei blir dømt, står dei overfor minst eitt år i fengsel under Utanlandshandelslova. Det påståtte brotsverket er framleis under etterforsking av tollinspektoratet i Stuttgart, som kan kome med tilleggstiltalar.

Tidlegare denne månaden sanksjonerte òg USA mot RT, og skulda kanalen for «å fungere som ein de facto arm av [russisk] etterretning». Tenesteperson i det amerikanske utanriksdepartementet, Jamie Rubin, skulda RT si rapportering for det faktum at mesteparten av verda ikkje har valt Ukraina si side som Washington forventa skulle skje.

«Vi finn måtar å gå utanom desse sanksjonane. Dette er eit slags katt-og-mus-spel. Og det skal halde fram,» sa redaktøren i RT, Margarita Simonyan som svar.

«Vi går ingen stader,» sa RT i ei melding som vart projisert på fasaden til den amerikanske ambassaden i Moskva førre veke.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget