Russia Today (RT) rapporterer:
Den pan-afrikanske medieorganisasjonen African Stream har skulda Google for sensur etter at den amerikanske tech-giganten stengde den ute frå Gmail Workspace. Den amerikanske regjeringa påstod nyleg at formidlaren er eit russisk desinformasjonsverktøy.
Trekket på tysdag [1.oktober 2024] resulterte i tap av tilgang til to år med e-postar og filer lagra i Google-sky-lagringsfasilitetane, sa formidlaren i ei melding.
«Google kom ikkje med nokon truverdig grunn til å forby oss, anna enn å seie at vi ‘braut retningslinjene for Google Workspace,’ som inkluderer ‘å sende spam eller bruke kontoen til kvar ei form for bedrageri’,» sa dei.
African Stream har nekta å ta del i nokon av dei påståtte aktivitetane. «Vi kan berre konkludere at dei tok oss ned basert på dei udokumenterte påstandane frå den amerikanske utanriksministeren Antony Blinken 13.september at vi er ‘Kreml-propagandistar’,» la dei til.
Under ei pressebriefing førre månad hevda Blinken at RT «hemmeleg» opererer formidlaren, som har hovudkvarteret sitt i den kenyanske hovudstaden Nairobi, gjennom ei rekkje sosialmedie-plattformer. Han hevda at medan det fastsette målet til organisasjonen er å gje ei stemme til afrikanarar både heime og i utlandet, «er det i realiteten berre Kreml-propagandistar dei gjev stemme til».
Tysdag rapporterte African Stream at større tech-selskap har byrja å slå ned på dei rundt om på plattformer «kort tid» etter kommentarane frå den amerikanske tenestepersonen. Deira YouTube-, Instagram-, Facebook-, og TikTok-kanalar har blitt fjerna, og stripe, ein finansteneste-tilbydar, har svartelista dei.
«USA presenterer seg sjølv som ein bastion for demokrati. Ein integrert del av kvart eit sunt demokrati er mediefridom – som tillèt at ulike synspunkt blir høyrde. Men igjen og igjen har dette grunnleggjande idealet blitt brutalt overkøyrt dersom det passar Washington,» skreiv African Stream på X (tidlegare Twitter).
«Ingen bevis har blitt lagt fram som belegg for skuldingane mot oss, men likevel blir vi stilna på dei største sosialmedie-plattformene. Kvifor utgjer afrikanarar som uttrykkjer det dei er opptekne av slik ein trugsel mot det vestlege etablissementet?» la dei til.
Washington lanserte eit større nedslag mot RT i september, der dei skulda kanalen for å «fungere som ein de facto arm av [russisk etterretning].» Tenesteperson Jamie Rubin i det amerikanske utanriksdepartementet skulda rapporteringa til RT for det faktum at store delar av verda enno ikkje har gått over på Ukraina si side, slik Washington forventa at dei skulle.
Som ei følgje av skuldingane, avslutta YouTube fem høgreorienterte politiske kanalar, inkludert Tenet Media, tilknytt det som det amerikanske justisdepartementet hevdar er eit russisk forsøk på å så splitting i USA, og påverke det innanlandske landskapet. Justisdepartementet hadde tidlegare sikta to russarar, identifiserte som tilsette i RT, for brot på Foreign Agents Registration Act (FARA), kvitvask, og ulovleg overføring av millionar av dollar til USA-baserte organ for å fremje eit sokalla «russisk narrativ» rundt ymse politisk betente tema.
Moskva har fordømt dei amerikanske sanksjonane mot RT og andre nyheitsformidlarar som ei krigserklæring mot frie ytringar.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig. Sjå òg «TikTok slettar kontoane til RT og Sputnik», publisert 23.september 2024, og «Tyskland arresterer par for ‘ulovlege’ RT-sendingar», publisert 30.september 2024.
