Studie viser at amerikansk helseomsorg er jævla dårleg

Ben Bartee på nettstaden Armageddon Prose skriv:

«Har du nokosinne sett alle desse svære, feite jævlane som vraltar rundt? Svære, feite svin. Herregud. Digre haugar av overflødig fotoplasma som dundrar gjennom kjøpesentera som ein flåte med ekspressbussar. Folka i dette landet er enorme. Massive vommer. Monstrøse lår og helvetes svære og feite ræver. Og dersom du står der ein liten augneblink og ser på ein av dei, kan du byrje å lure: kva gjer denne berta når ho skal drite? Og endå meir skremmande: korleis tørkar ho seg i ræva? Kan ho i det heile teke finne rævholet sitt? Ho må ho trenge hjelp. Har ambulansearbeidarar opplæring innan dette feltet? Og den som står ved sida av ho med eit digert fat med nachos og eit stykke pai er naturlegvis hennar tanketomme vits av ein ektemann, Joe Six Pack. Denne fyren, som har eit digert monster av ein ølmage som heng faretrugande over beltet, har ikkje sett kuken sin sidan Nixon-administrasjonen. Og når du då står der og stirar på dei to, byrjar du å lure: puler desse folka? Er denne mannen faktisk i stand til å pule den dama? Det verkar ikkje strukturelt mogleg at desse to kan oppnå penetrering. Kanskje dei er med i Cirque du Soleil eller noko sånt.»

George Carlin.

I fare for å seie det heilt openberre, amerikansk helseomsorg er ein svindel.

Og har mislykkast fenomenalt i å oppnå deira fastsette mål om å, du veit, forbetre helsa – om det då ikkje er deira sanne, usnakka mål å genererer livstidskundar (pasientar) ved å halde dei sjuke og triste.

Der er ei lita forteljing eg [Ben Bartee] likar å fortelje utlendingar når det medisinske systemet dukkar opp i samtalar på ein eller annan måte.

Tilbake i 2012 sykla eg uvørdent om natta på Silver Comet Trail (eit tidlegare togspor som hadde blitt gjort om til gang- og sykkelveg) i Smyrna, delstaten Georgia. Dette var tilbake då eg drakk mykje, og eg hadde akkurat vore innom butikken for å kjøpe nokre flasker Olde English sterkøl.

Sidan det var svarte natta såg eg ikkje ein av dei stengene dei hadde plassert på vegen for å hindre bilar å køyre der, som eg går utifrå er ein av tryggleiksgrunnane til at vegen strengt teke er stengt om natta. Men eg var ein rebell, og dette var ei langt meir direkte rute mellom huset mitt og bensinstasjonen enn gatenettet (vegane i Atlanta-området er teikna i kursiv).

Vel, eg kolla og knekte handleddet, som eg straks visste hadde skjedd fordi eg har brote bein før. Eg dytta min vridne sykkel heim med den friske handa og stoppa fleire gonger for å drikke litt Olde English for å mildne smerta.

Då eg reiste til akuttmottaket for å bekrefte at eg jo hadde brote handleddet, såg legen på det i rundt ti sekund, bestilte eit enkelt røntgenbilete, sendte inn sjukepleiaren for å fortelje meg at eg hadde brote det, gav meg to tablettar med smertestillande, og bad meg oppsøkje nokon på måndag, sidan det var helg.

Heile turen tok rundt tretti minutt. Ei veke seinare fekk eg ei rekning på 10 000 dollar (eg hadde ikkje forsikring). [Beløpet tilsvarer 105 900 norske kroner i 2024-pengar, uvisst kor mykje dette tilsvarte i 2012; oms.an.]

Eitt røntgenbilete, to tablettar, tretti minutt: 10 000 dollar.

Den der medisinske gjelda er framleis der ute ein stad.

Ingen som ikkje er amerikanar trur meg når eg fortel dei denne historia.

Eg forsikrar dei om at den er sann.

Men du trur meg sannsynlegvis, sidan eg er sikker på at du har dine eigne historier om amerikansk medisinsk svindel.

Når vi no har gjort oss ferdige med anekdotar, lat oss gå over til studien.

Via Children’s Health Defense (uthevingar er mine eigne):

«Det amerikanske helseomsorgssystemet står på sisteplass blant 10 avanserte økonomiar, ifølgje ein rapport offentleggjort i dag av Commonwealth Fund.

Eit av nøkkelfunna i rapporten er at USA har eit betydeleg etterslep i forhold til sine internasjonale jamstilte når det gjeld helsesystemprestasjonar – likevel er USA òg ‘i ytterkanten når det gjeld helseomsorgs-pengebruk’.

I 1980 var amerikanske helseutgifter ‘samanlikna med utgifter i Sverige og Tyskland (8,2% av BNP)’. Derimot ‘har USA sidan den gong gått langt forbi andre nasjonar, og brukte meir enn 16% av BNP på helseomsorg i 2022’ – eit tal ‘som er venta å gå forbi 20% innan 2035’.

Ifølgje rapporten reflekterer desse funna ‘det vedvarande amerikanske dilemmaet, som er å bruke enorme summar og oppnå generelt dårlege resultat – sjølve definisjonen på eit helsesystem med låg verdi.»

Via Commonwealth Fund (uthevingar er mine eigne):

«Vi samanliknar helsesystema i 10 land: Australia, Canada, Frankrike, Tyskland, Nederland, New Zealand, Sverige, Sveits, Storbritannia og USA…

I samanlikninga er dei ni nasjonane vi undersøkte meir like enn ulike når det gjeld kor godt eller dårleg dei presterer i ymse domene. Men der er eitt skjerande unntak – USA… Spesielt bekymringsverdig er USA si historie rundt helseutfall, spesielt i relasjon til kor mykje USA bruker på helseomsorg.»

4,5 billionar dollar per år – 16,5% av heile BNP – for å leve sjukare og døy raskare enn alle andre moderne nasjonar.

RFK Jr. har vore på krigsstien i årevis, og no har han MAGA med seg på laget. So der finst i det minste eit snev av ikkje-vrangførestilt håp der ute.

På den andre sida, kor ofte snakkar [K]amala Harris eller Tim Walz om det?

Sanneleg ser det ut som den einaste gongen dei nokosinne nemner helse eller helseomsorg i det heile, er når dei fremjar drop-in-abortar, på same måten som at den einaste gongen dei snakkar om miljøet, er når det gjeld karbonfotavtrykk. Dei er små, trongsynte marionettar som ikkje veit eller bryr seg om noko som donorane deira ikkje har instruert dei til.

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget