Russisk parlamentsmedlem vil skatteleggje barnlause – annan parlamentsmedlem meiner det i staden bør innførast skatt på DUMSKAP

Russia Today (RT) rapporterer:

Parlamentsmedlem i Den russiske statsdumaen, Yevgeny Popov, har snakka ut mot den føreslegne gjeninnføringa av ein politikk frå Stalin-æraen som skal skatteleggje folk som ikkje har barn. Skatten vart skapt i 1941 for å oppmuntre til folketalsauking i Sovjetunionen, som leid digre tap på grunn av Andre verdskrig.

Ideen vart føreslegen på fredag [4.oktober 2024] av løytnant-general Andrej Gurulev, ein medlem av forsvarskomiteen i Statsdumaen, som argumenterte at der er ingenting «igjen etter ein mann i dette livet» etter at han døyr, bortsett frå namnet og barna hans. «Alt anna er ikkje av interesse for nokon,» hevda han. Han føreslo at pengane som kjem frå barnløyse-skatten kan bli brukt til å modernisere barneheimar i Russland.

Forslaget til Gurulev førde til kritikk frå enkelte lovgjevarar. Popov, ein parlamentsmedlem frå det herskande Sameint Russland-partiet, leverte: «Eg veit ikkje om barnløyse, men ein skatt på dumskap må definitivt innførast.»

Forslaget vart òg skarpt kritisert av Nina Ostanina, leiaren av Statsdumaens komité for familievern. Ho bad Gurulev om å ikkje «traumatisere» og «skremme» unge russarar med desse forslaga, som ho sa kjem frå «varmen til ein medlemsstol».

Ho føreslo òg at Gurulev og andre medlemmer av forsvarskomiteen ikkje trong å kommentere emne dei er «inkompetente» i.

Ostanina sa òg at sovjet-æra-politikken som Gurulev alluderte til, òg inkluderte obligatoriske sosialgarantiar, gratis barnehagar, gratis skular, gratis ferie for barn, gratis universitet og ei gratis leilegheit.

Ho skulda Gurulev for å ikkje forstå at mange menneske utset å få barn på grunn av manglande økonomiske ressursar, og la vekt på at fram til staten er i stand til å gje bustader, gode lønningar og sosialgarantiar til unge familiar, kan ein ikkje snakke om å gjeninnføre skatt for barnlause.

Førre månad støtta den russiske regjeringa nytt lovverk som «i prinsippet» vil forby «barnefri-propaganda» frå å bli spreidd via media, filmar, reklamar og internett. Lovforslaget definerte ideologien som «å nekte å få barn», og antyda bøter for dei som fremjar slike idear.

(Sjå òg «Russland planlegg å forby fremjing av propaganda om ‘barnlaus livsstil’», publisert 28.september 2024.)

Lovgjevarar har derimot oppmoda dei som står bak lovforslaget om å vidareutvikle det og klargjere kva som utgjer «å nekte å få barn», slik at dei ikkje påverkar personar som ikkje kan få barn på grunn av religiøs tru eller medisinske grunnar, eller som er offer for valdtekt.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget