Tusenvis av tyskarar protesterer mot å sende våpen til Ukraina og Israel

Niamh Harris på nettstaden The People’s Voice melder:

Tusenvis tok til gatene i Berlin torsdag [3.oktober 2024] for å protestere mot sending av våpen til Ukraina og Israel.

Demonstrantane har uttrykt bekymring over faren for atomeskalering, ifølgje lokale reportasjar.

Ymse pro-fred- og venstreorienterte grupper byrja å samle seg torsdag, som fall saman med den tyske Einingsdagen, som markerer samlinga av Vest-Tyskland og kommunistiske Aust-Tyskland i 1990.

RT rapporterer: Demonstrantar bar faner med meldingane «fred», «aldri meir krig» og «diplomatar i staden for granatar», der enkelte meldingar uttrykte solidaritet med palestinarane, og som kravde ein «slutt på okkupasjonsterroren» i ein openberr referanse til Israel sin bakkeoperasjon i Gaza.

Fleire demonstrantar vart sett berande på russiske og palestinske flagg. Ei fane viste eit russisk, ukrainsk og tysk flagg med ordet «vennskap» under, medan ei anna fordømte Olaf Scholz som «bombe-kanslaren».

Organisatorar har hevda at meir enn 40 000 menneske tok del, medan politiet sa at det var «i lågare del av eit femsifra tal», ifølgje Deutsche Welle. Politiet sa at demonstrasjonane gjekk føre seg utan større hendingar.

Den venstreorienterte svovelpredikanten Sarah Wagenknecht, som styrar sitt eige nyleg reformerte Sarah Wagenknecht Allianseparti (BSW), var blant dei høgprofilerte frammøtte. I ein appell til mengda la ho vekt på behovet for samtalar med den russiske presidenten Vladimir Putin for å løyse Ukraina-konflikten. «Eg opplever det som so irriterande når folk alltid kjem til oss med sin høge moral og seier at ein ikkje kan snakke med Putin utifrå moralske grunnar,» sa ho.

Wagenknecht gjekk deretter over til å hudflette den tyske regjeringa for å følgje USA når det gjeld utanrikspolitikk, og åtvara mot utsending av amerikanske mellomdistanse-missil i landet.

Ho adresserte òg Israel-Hamas-krigen, og sa: «alle som held seg stille om dei fryktelege krigsbrotsverka i Gaza… ikkje sei til meg at de er moralske. Dette er hykleri. Denne fryktelege krigen må òg endeleg avsluttast.»

Tyskland har vist seg å vere ein av dei største donorane til Ukraina, og har sendt stridsvogner, luftforsvars- og artillerisystem so vel som andre våpen til Kiev. Russland har gjentekne gonger fordømt desse sendingane, og seier at dei berre forlengar konflikten.

Berlin eksporterer i tillegg ei betydeleg mengd krigsmateriell til Israel. Førre månad rapporterte fleire nyheitsformidlarar at tysk våpeneksport har blitt avgrensa på grunn av bekymringar for om dei kan vere i strid med humanitær lov.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget