DEMENS er «type 3-diabetes»: vitskap avslører at Alzheimer blir utløyst av insulinresistens i hjernen

S.D. Wells i Natural News rapporterer:

I USA gjer dei fleste legar ingen forsøk på å kurere sjukdommar og tilstandar, dei skriv heller ut resept på giftige farmasøytiske legemiddel som berre «handterer» symptoma av langt meir djuptliggjande helseproblem som ikkje berre kan kurerast, men forhindrast òg. Til dømes er det vanskeleg å finne ein lege som vil skulde type 2-diabetes på dårleg kosthald, inkludert høg-fruktose-maissirup (HFCS), bleikte matvarer, prosesserte oljar, bakevarer og transfeitt.

All denne søppelvitskapsmatprodukta kan òg forårsake leken tarm-syndrom, som kan føre til leken hjerne-syndrom, der små sekkar i hjernen (vesiklar) lek dopamin, slik at du endar opp med feilfungerande nerveoverføringskoplingar som er tetta til med plakk. Vitskapen avslører at alle som lid av type 2-diabetes er toppkandidatar for å utvikle demens, òg kjent som type 3-diabetes (overalt bortsett frå i USA).

Vitskapen viser at insulinresistens og insulinliknande vekstfaktor-dysfunksjon i hjernen kan forårsake demens

Type 2-diabetes har blitt vitskapleg knytt til Alzheimers sjukdom, sidan insulinresistens i hjernen kan fungere som ein utløysar for nevrologiske sjukdommar, inkludert demens. Korleis? På lang sikt fører ubehandla diabetes (altso inga endring i dårleg kosthald) til skade på blodkar, inkludert blodkar i hjernen. Utan ein skikkeleg diagnose på dette, vil skadane sannsynlegvis halde fram med å auke, noko som forårsakar kjemisk ubalanse i hjernen, medan det høge blodsukkeret forverrar kronisk betennelse, som fører til permanent skade på hjernecellene.

Vaskulær demens er ein frittståande diagnose og eit varselteikn på at diabetes er i ferd med å utvikle seg til ei overlapping med Alzheimers sjukdom (T3D [type 3-diabetes]). Etter kvart som vitskapen bak denne prosessen blir meir sikker, viser statistikk at menneske med type 2-diabetes (T2D) har opptil 90% høgare risiko for å utvikle Alzheimer eller andre former for demens, inkludert vaskulær demens. Dette blir avslørt av ein studie utført i 2016 av meir enn 100 000 menneske som lever med demens, der kvinner med T2D vart vist å ha høgare risiko for å utvikle vaskulær demens enn kvinner.

Enkelte av dei kjende årsakene til vaskulær demens inkluderer høgt blodtrykk og sjukeleg overvekt. Innsjå at covid-«vaksinane», som òg blir referert til som «[blod]proppsprøyter» fordi piggproteina skaper proppar og tettar til karsystemet, forårsakar hjarte- og hjerneproblem, og dermed kan bidra til denne vaskulære sjukdommen og tilstande kjent som Type 3-diabetes (T3D).

Symptom på T3D inkluderer minnetap (som ein merkar i daglege sosiale samtalar), plutselege personlegdomsendringar og humørsvingingar, fleire og fleire tilfelle av dårleg dømmekraft, vanskar med å fullføre kjende oppgåver, og det å ofte rote vekk ting. Dette samsvarer med at millionar av menneske no lid av Piggproteinsyndom på grunn av Fauci-influensa-sprøytene.

Visse hjerneskanningsstudiar kan avsløre indikatorar, teikn og symptom på T3D, inkludert MR-skanningar, CT-skanningar og undersøking av hjerne- og ryggmergsvæske. Dersom du eller ein av dine kjære trur at du lid av T3D, få ein lege til å teste deg for teikn straks, og ver sikker på å nøye eksaminere matinntaket – eventuelt byrj å fjerne søppelmat, GMO, fluortilsett vatn, rapsolje, HFCS og andre konsernlaga matprodukt slik som brus, godteri, aspartam og til og med kvikksølvet som er å finne i vaksinar (tenk fleirdose-influensavaksinar her).

Sjølv om skurkane innan vestleg medisin ikkje bryr seg om å hindre eller kurere nokon slags sjukdommar eller tilstandar, kan du ta steg for å gjere dette sjølv. Aldri stol på at Google eller YouTube har svara, fordi desse er kontrollerte og manipulerte til å halde deg og dine kjære i mørket om helse- og velværeinformasjon.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig, som samstundes understrekar at lesarane bør snakke med kvalifisert helsepersonell dersom dei opplever uhelse.

Kommenter innlegget