Russia Today (RT) rapporterer:
Dei totale tapa til Kiev etter raidet i den russiske Kursk-regionen har passert 20 000, sa Forsvarsministeriet i Moskva i sin nyaste rapport sundag [6.oktober 2024], Russiske soldatar har halde fram sin motoffensiv i området medan dei hindrar fleire ukrainske einingar i å ta seg inn i regionen, la dei til.
Det ukrainske militæret har mist rundt 200 soldatar dei siste 24 timane åleine, stod det i rapporten til Forsvarsministeriet. Fleire delar av ukrainsk utstyr vart òg øydelagt dei siste 24 timane, inkludert eit artillerisystem, tre granatkastarar og to køyretøy, medan ein ukrainsk soldat overgav seg, sa det russiske militæret.
Det totale talet drepne ukrainske soldatar i kampane i den russiske grenseregionen har passert 20 800, hevda ministeriet. Kiev har òg mist meir enn 130 stridsvogner, 66 infanteri-kampkøyretøy, og nesten 100 armerte personfrakt-køyretøy under operasjonen, som vart lansert i byrjinga av august, ifølgje estimat frå det russiske militæret.
I løpet av dei siste 24 timane har russiske styrkar òg stoppa fire ukrainske motåtak i regionen, og to forsøk på å ta seg inn på russisk territorium.
Ukrainske tenestepersonar har sagt at hovudmåla til åtaket var å endre folkeopinionen i Russland og få ein betre posisjon ved eventuelle fredssamtalar med Moskva. Ukrainske soldatar gjorde noko framgang heilt i byrjinga tilbake i august, men vart raskt slegne tilbake. Russiske soldatar har gradvis tvinga den invaderande styrken fekk frå regionen heilt sidan då.
Sidan byrjinga på raidet for nesten to månader sidan, har det russiske militæret vunne tilbake meir enn eit dusin busetjingar. Moskva sa at dei ikkje har utelukka forhandlingar med Kiev, men at samtalar berre kan byrje etter at alle ukrainske soldatar har forlate russisk territorium.
Tidlegare denne veka [veke 40] sa Aleksandr Bortnikov, leiaren av den russiske føderale tryggleikstenesta (FSB), at det plutselege Kursk-«raidet» til Ukraina har mislykkast, og la til at operasjonen ikkje distraherte Moskva frå deira offensiv i Donbass, der soldatar gradvis har vunne land sidan februar.
Det russiske militæret har jamleg publisert videoar som viser ukrainsk utstyr, inkludert vestleg-forsynt pansra utstyr, bli øydelagt i det russisk territorium blir vunne tilbake.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
