Niamh Harris på nettstaden The People’s Voice rapporterer:
Ukraina og Vesten ønskjer å bruke Russland som syndebukk for å underminere deira internasjonale posisjon, ifølgje ein senior-tenesteperson i forsvaret.
Han hevdar at Ukraina har gjort omfattande førebuingar for eit falsk flagg-åtak med kjemiske våpen som dei deretter kjem til å leggje skulda på Russland for. Håpet er at dette vil føre til at Organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen (OPCW) vil behandle Moskva som ein paria.
RT rapporterer: Løytnant-general Igor Kirillov, leiaren av Russlands kjemiske og biologiske forsvarsstyrkar, sa i ein briefing på måndag [7.oktober 2024] at Moskva «har informasjon om at Ukraina førebur fleire falsk flagg-åtak som har som mål å skulde Russland for å bruke giftige substansar under spesialmilitær-operasjonen.» Han la til at «bevis» skal leggjast fram av OPCW-tenestepersonar.
Med tanke på at Kiev manglar det naudsynlege utstyret og ekspertisen til å bruke Russland som syndebukk, har fleire dusin ukrainske spesialistar fått den relevante opplæringa frå OPCW, so vel som ei handfull avanserte detektorar av kjemiske agentar, ifølgje Kirillov. NATO-leveransar av kjemisk verneutstyr som er langt meir enn Ukraina faktisk har behov for, er vidare bevis for eit komande falsk flagg-åtak, la han til.
Tilbake i juli forklarte Nicole Shampaine, amerikansk ambassadør for OPCW, leveransane ved å hevde at det russiske militæret rutinemessig rettar seg mot Ukraina med opprørskontroll-agentar og kjemiske våpen.
Kirillov avviste derimot påstandane som «fullstendig grunnlagslause», og sa at OPCW allereie i 2017 hadde bekrefta at Russland hadde fullstendig øydelagt alle sine lager av kjemiske våpen. Øydeleggingsprosessen vart overvaka både av byrået og inspektørar frå vestlege land, inkludert USA.
Det endelege målet til denne syndebukk-bruken, sa generalen, er å bruke det forfalska «bevismaterialet» under dei komande OPCW-seansane til å frårøve Russland retten til å stemme og til å vere med i ymse utøvande organ. Kiev vil oppleve det enklare å utføre denne planen sidan Russland for tida ikkje er representert i OPCW sitt utøvande råd, argumenterte han.
Russland mislykkast i å bli gjenvalt til rådet i november 2023. Moskva har sagt at dei rett og slett vart «skvisa ut» av organet, og la til at det hadde blitt om til nok ei plattform fullstendig kontrollert av USA.
I briefinga si sa Kirillov òg at Moskva har registrert 400 tilfelle der Ukraina har brukt kjemiske agentar til opprørskontroll. Russiske soldatar tok òg over eit ukrainsk kjemisk laboratorium som produserer giftige materiale nær Donbass-byen Avdeyevka no i sommar, la han til.
Kirillov skulda Ukraina for å bruke kjemiske våpen forkledd som røykbomber i august, og sa at dei vart brukt i den russiske byen Sudzha i Kursk-regionen. Meir enn 20 menneske vart skadde i dei kjemiske åtaka, sa han.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
