Biden/Harris-regimet oppdaterer direktiv frå Bush-æraen som tillèt staten å utføre ATTENTAT på amerikanske borgarar

Ethan Huff i Natural News rapporterer:

Det er berre nokre få månader til Joe Biden blir fjerna frå Det kvite huset og erstatta med anten Kamala Harris eller Donald Trump. Og ein av Biden/Harris-regimet sine topp-prioriteringar akkurat no er å fjerne vernet som beskyttar amerikanske borgarar frå å bli snikmyrda av sin eigen stat.

Ifølgje X/Twitter-kontoen @amuse, oppdaterte Biden/Harris-regimet akkurat George W. Bush-æra-direktivet frå 2007, Forsvarsdepartementet (DOD) sitt Directive 5420.01, med å fjerne provisjonar som beskyttar amerikanske borgarar mot statssanksjonerte attentat.

Det originale direktivet inneheldt eit eksplisitt forbod mot statssanksjonert attentat:

«Under ingen omstende skal nokon DOD-komponent eller DOD-tilsett ta del i, eller konspirere for å ta del i, attentat,» står det å lese i det originale dokumentet. Biden/Harris-regimet fjerna nøyaktig denne ordlyden, noko som tydar at amerikanske borgarar no kan bli gjenstand for likvidering av sin eigen stat.

No når den ordlyden er fjerna, står Washington fritt til å velje seg som mål både utlendingar og amerikanske borgarar både i utland og innland, so lenge visse vagt illevarslande «spesielle omstende» blir oppfylt.

«Med berre månader igjen i embetet, bestemte Biden/Harris-regimet seg for å oppdatere det 17 år gamle direktivet frå Bush-æraen som forbyr attentat på amerikanarar,» kommenterte @amuse. «Kvifor føler regimet behovet for å legalisere drap på amerikanarar som trugar grunnlaget for vårt demokrati?»

(Relatert: Når ein snakkar om Forsvarsdepartementet, visste du at agentane deira etter orkanen Helene har teke kontroll over vestlege Nord-Carolina, der verdas rikaste ressursar på litium og rein kvarts er å finne?)

(Sjå òg «Er orkanen Helene eit påskot av det amerikanske forsvarsdepartementet for å rane til seg litium og kvarts i vestlege Nord-Carolina?», publisert 9.oktober 2024 – dette er ei omsetjing av artikkelen i nemnde link.)

Kva skjedde med sivil fridom?

Det demokratiske partiet har jammen vandra langt vekk frå dagane der dei song «ingen blod for olje» og protesterte mot statlege inngrep i folks privatliv. No ønskjer folkepartiet å ha fridom til å drepe sine politiske motstandarar.

«Ideen om at staten no potensielt kan godkjenne attentat på amerikanarar under dekkje av nasjonaltryggleik er ingenting anna enn ei grunnlovskrise,» åtvarar @amuse.

«Det opnar ei Pandoras øskje der den utøvande greina kan gå utanom juridiske prosessar og juridisk kontroll, noko som tillèt ei nufs utviding av statlege fullmakter og ein alarmerande erosjon av individuelle rettar.»

Det er inga hemmelegheit at venstresida ikkje bryr seg noko særleg om menneskeliv. Mellom deira kjærleik for abort og deira støtte for å redusere den globale befolkninga for å stoppe «klimaendring», gjev det meining at det neste steget er å tillate staten å myrde visse personar fordi dei opprører regimet.

«Biden/Harris-regimet sin vilje til å godkjenne attentat reflekterer ei grunnleggjande forakt for amerikanske liv og lover og reglar,» skriv @amuse. «Det eksemplifiserer ein urovekkjande trend mot autoritarisme, der interessene til staten blir prioritert på kostnad av rettane til individet.»

«Ved å tillate at amerikanske borgarar blir mål – ofte utan veging for og imot som den juridiske kontrollen kjem med – set regimet ein farleg presedens som kan føre til maktmisbruk som liknar dei mørkaste kapitla i historia til nasjonen vår.»

Ein annan ting dette oppdaterte DOD-direktivet gjer, er å signalisere eit fundamentalt skifte i forholdet mellom folket og staten. Det brukte å vere slik at staten arbeidde på vegner av folket, men dagens stat har forvandla seg til noko der staten kontrollerer og herskar med ein jarnneve over folket.

«Dette nye direktivet modifiserer ikkje berre eksisterande prosedyrar; det endrar grunnleggjande landskapet av statleg autoritet og individuelle rettar i USA. Når vi står ved dette kritiske vegskiljet, må vi halde oss vakne og resolutte i vårt forsvar av sivile rettar. Implikasjonane til Biden/Harris-regimet sine handlingar krev alvorleg refleksjon og snarleg handling frå alle som verdset fridommane som grunnlova vår gjev oss.»

Den føderale staten er rusa på makt.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget