«Vi dreit oss ut» – Biden gjev Obama (og seg sjølv) skulda for Russland/Ukraina-krigen

Jack Montgomery på nettstaden The National Pulse melder:

Veteranjournalist Bob Woodward rapporterer at Joe Biden gjev Barack Obama skulda for krigen i Ukraina, og klagar over at administrasjonen deira ikkje gjorde noko for å stoppe Russland si annektering av Krim eller den russiske separatist-framveksten i Donbass etter det vestleg støtta Euromaidan-kuppet i 2014.

Woodward skriv i si komande bok War, som CNN har sett, at Biden trur at «dei dreit seg ut i 2014», med referanse til Obama/Biden-administrasjonen.

«Det er difor vi er her,» sa han til ein venn om fullskala-krigen i Ukraina, som byrja i 2014. «Vi dreit oss ut. Barack tok aldri [president Vladimir] Putin på alvor.»

«Vi gjorde ingenting. Vi gav Putin løyve til å halde fram!» heldt han sint fram, og insisterte at han «trekte tilbake [Putins] jævla løyve» – sjølv om to år ut i krigen avanserer russiske styrkar no jamt og trutt, trass at USA og deira allierte bruker milliardar av dollar på å væpne og trene opp det ukrainske militæret, og subsidierer den ukrainske regjeringa og privat sektor.

Netanyahu

Woodward, som hjelpte til med å avsløre Watergate-skandalen under Richard Nixon-administrasjonen, rapporterer at Biden òg jamleg uttrykkjer raseri med «den jævelen Bibi Netanyahu».

«Han er ein vond fyr. Han er ein helvetes vond fyr!» sa Biden om den israelske statsministeren privat. Israelske offensiv inn i Gaza og Libanon etter 7.oktoner-massakren på israelske sivile av Hamas-militantar har skadd hardt ståstaden til Biden og Det demokratiske partiet blant arabiske og muslimske amerikanarar, og sett i fare deira håp om valsiger i vippestatar slik som Michigan.

Biden sa at han «aldri skulle ha plukka ut» generaladvokat Merrick Garland under ein samtale om dei juridiske problema til sonen sin.

81-åringen har òg kalla Netanyahu ein «jævla løgnar» og visstnok ropt ut «Bibi, kva faen?» etter at eit israelsk luftåtak i den libanesiske hovudstaden Beirut drap ein Hizbollah-kommandør og tre sivile i juli.

Biden har fått noko sympati rundt sine ymse utanrikspolitiske katastrofar frå George W. Bush, som visstnok ringde sin Demokrat-etterfølgjar og sa: «Eg kan forstå kva du går gjennom, eg vart rævkøyrt av mine etterretningsfolk òg,» i kjølvatnet av den mislykka uttrekkinga frå Afghanistan.

Hunter

Woodward rapporterer òg at Biden privat er sint på generaladvokat Merrick Garland for å tillate at etterforskingar av sonen sin, Hunter Biden, har eskalert til sitt noverande punkt.

«Burde aldri ha valt Garland,» sa han visstnok til ein kjenning, og klaga: «Dette kjem faen meg aldri til å forsvinne.»

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget