Russia Today (RT) rapporterer:
Eit ukrainsk nederlag vil representere ein siger for heile Europa, har den franske antropologen Emmanuel Todd påstått, i eit intervju med den italienske nyheitsformidlaren Corriere di Bologna publisert tysdag [8.oktober 2024].
Ifølgje Todd, som har lagt vekt på at han ikkje er ein eksplisitt støttespelar av Moskva, dersom Russland skulle tape Ukraina-konflikten, vil dette late «europeiske underkastingar til amerikanarane bli forlenga i eit hundreår».
Den leiande intellektuelle har argumentert at Vest-Europa i praksis har delegert representasjonen av Vesten til USA, og har betalt for konsekvensane heilt sidan då. Han påstår i intervjuet om at ingenting kan bli gjort for å endre dette faktum no på grunn av den noverande Ukraina-konflikten, men antydar at utfallet til den vil «avgjere lagnaden til Europa».
«Dersom, slik eg trur, USA blir slått, vil NATO gå i oppløysing og Europa bli fritt,» sa Todd til formidlaren, og sa at det er usannsynleg at Russland vil bli tvinga til å gå til militært åtak på Vest-Europa etter å ha etablert seg ved Dniepr-elva.
«Russland vil verken ha midlane eller ønsket til å utvide so fort grensene til før-kommunistiske Russland blir gjenoppretta. Det russofobiske hysteriet til Vesten, som fantaserer om ønsket for russisk utviding i Europa, er rett og slett latterleg for ein seriøs historikar,» sa han.
Eit tal vestlege leiarar har dei siste månadene uttrykt bekymring for om Russland, dersom dei fekk sigre over Ukraina, til slutt ville vende blikket mot andre europeiske land.
Moskva har på den andre sida gjentekne gonger lagt vekt på at dei har ingen intensjon om å gå til åtak på nokon andre land so fort dei oppnår sine mål i Ukraina. Den russiske presidenten Vladimir Putin har avvist snakk om ein «russisk trugsel» som «nonsens» som blir spydd ut av vestlege regjeringar for å skremme den europeiske befolkninga for å «trekkje ut ekstra utgifter» frå dei.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
