Vêrmodifisering er ekte og kan ha både utilsikta og tilsikta konsekvensar

Lance D Johnson i Natural News melder:

Dei siste to vekene har to av dei mest intense orkanane kryssa Mexico-golfen; ein av dei har etterlate seg eit spor av øydelegging i dei appalachiske fjella, og den andre trugar millionar av liv på den lågtliggjande, tett folkesette vestsida av Florida. Den føderale regjeringa sin mangelfulle respons på desse historiske orkanane har alarmert mange menneske i heile landet, og framprovosert spørsmål om andre, ukjende motiv. Ei bølgje av grasrot-veldedigheit i nasjonen har eksponert Federal Emercency Management Agency [FEMA; «føderalt byrå for krisehandtering»] som underlegent og kontraproduktivt når det gjeld gjenoppbygging av samfunn som har blitt råka av desse unaturlege katastrofane.

Geoengineering kan bli brukt som eit våpen

I dei seinare år har konsept som chemtrails, geoengineering og vêrmodifisering gått frå å liggje på utkanten som konspirasjonsteoriar, til å bli tema i hovudstraumssamtalar. Når den amerikanske regjeringa no avslører sin «femårige plan for studiar av geoengineering», og USDA sin detaljerte rapport om cloud seeding [«sky-såing»], blir det stadig tydelegare at vêrmodifisering ikkje berre er reint teoretisk; det er ein realitet.

Vêrmodifisering (sky-såing) har blitt brukt i fortida for å auke den totale nedbøren, og eksperiment har blitt utført for å endre mønstera til stormar. Historisk har det amerikanske militæret brukt vêrmodifisering mot utanlandske fiendar. Er noverande orkanar påverka av vêrmodifisering frå konsern-multinasjonale forretningsinteresser, eller kanskje statlege operasjonar, utanlandske eller innanlandske? Driv vondskapens krefter og bruker vêrmodifisering for å skade amerikanarar?

Mangelen på utbreidd diskurs om geoengineering får alarmar til å gå. Den amerikanske representanten Marjorie Taylor Greene og andre har uttrykt bekymring for statleg kontroll over vêret, og kravd auka undersøkingar av alle organ som er involvert i desse vêrmodifiseringsprogramma.

Sky-såing har blitt brukt av vondsinna grunnar i fortida

Sky-såing, den vanlegaste forma for geoengineering, involverer å sleppe laus substansar slik som sølvjodid og kaliumjodid i atmosfæren for å framkalle nedbør. National Oceanic and Atmospheric Administration (NOAA) skildrar prosessen som ein som forstyrrar naturleg skyutvikling for å kunstig skape regn. På nettsida si legg dei ut i detalj om dei ni typane av vêrmodifisering, som inkluderer ionisering og laser.

Per april er der 42 sky-såingsprosjekt på gang i USA, med planar for ytterlegare 200 stasjonar innan neste sesong, drivne av aksjonærar frå landbruk til forsikringsselskap som er ute etter å forbetre vêrrelaterte tap. Det nordamerikanske vêrmodifiseringsrådet skriv at ei rekkje organ, inkludert byregjeringar og private konsern, tek del i sky-såing. Vêrmodifisering kan òg bli brukt til å drive nedbør vekk frå visse område. Eit selskap i England sel private sky-såingstenester til rike par for å sikre at dei får perfekt vêr på bryllaupsdagen sin.

Historisk har sky-såing blitt brukt med vondsinna føremål, slik som det amerikanske militæret sin Operation Popeye [«operasjon Skipper’n»] under Vietnam-krigen. Dette hemmelege programmet hadde som mål å forlenge monsunsesongen over strategiske ruter, og alvorleg forstyrre forsyningslinjene til fienden gjennom kunstig framkalla flaum. Pentagon vurderte seinare desse operasjonane som «eksepsjonelt vellykka», trass at dei òg påførde sivile og militært personell frå deira eiga side skade.

Eit døme på geoengineering som hadde utilsikta konsekvensar er Prosjekt Cirrus i 1947. Denne geoengineering-operasjonen spreidde store mengder tørris i skyene for å framkalle nedbør. Ideen var å stimulere danninga av iskrystallar, som deretter kunne føre til regn. Prosjektet stansa mellombels orkanen, men sendte den utilsikta inn i delstaten Georgia.

I fleire tiår har den føderale regjeringa hevda at geoengineering er ein konspirasjonsteori; derimot har regjeringa i seinare år stått fram om desse operasjonane, og fremjar dei no som ein måte å «bekjempe klimaendring». No når desse eksperimenta er allment kjent, blir det reist bekymring om tryggleik, etikk og offentleg oversyn.

Den prominente miljøaktivisten Robert F. Kennedy Jr. argumenterer at mektige figurar, inkludert Bill Gates og World Economic Forum har «kapra geoengineering» for å vidareføre agendaer som fremjar sosial kontroll, heller enn genuine løysingar på miljøutfordringar. «Dei forverrar problemet, for so å selje oss løysinga,» slår Kennedy fast, der han set søkjelyset på dei potensielle risikoane til ukontrollerte teknologiske intervensjonar.

Internasjonalt tek meir enn 52 land del i vêrmodifiseringsprogram, noko som reiser bekymring rundt dei geopolitiske konsekvensane til slike teknologiformer. Nasjonar som Kina og Russland har utvikla avanserte evner til endring av vêret, og bruker potensielt desse teknikkane som verktøy til hybrid-krigføring. […]

Omsett og noko forkorta av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget