Cassie B. i Natural News rapporterer:
Ei gruppe Demokrat-kongresskvinner har sendt eit brev til fleire topp-sosialmedie-plattformer der dei oppmodar dei til å fjerne det dei påstår er «feilinformasjon» relatert til dei nylege orkanane og deira etterspel i eit trekk som meir og meir framstår som eit desperat forsøk på å dekkje over nederlaga til Federal Emergency Management [FEMA; «føderalt byrå for krisehandtering»].
Brevet vart sendt av Demokratane Deborah K. Ross frå Nord-Carolina, Kathy Castor frå Florida, Nikema Williams frå Georgia og Wiley Nickel frå Nord-Carolina, som alle representerer delstatar råka av orkanane Milton og Helene.
Dei skriv: «I kjølvatnet av Helene har vi vore vitne til ei problematisk oppblomstring av feilinformasjon, desinformasjon, konspirasjonsteoriar og bløffar som hindrar forsøk på gjenopprydding og som utnyttar sårbare individ og familiar.»
Dei held fast på at desse visstnok uriktige påstandane hindrar gjenoppryddingsforsøk og kompromitterer publikums tillit til styresmaktene.
Brevet vart sendt til adm.dir.-ane i Facebook, X, TikTok, Discord, Snap, YouTube og Instagram. Sjølv om dei ikkje eksplisitt bad om sensur, pressa dei plattformene til å overvake kva folk ytrar.
«De har makta til og ansvaret for å forbetre dei digitale romma der millionar av amerikanarar både leitar etter og fremjar informasjon under kriser, inkludert naturkatastrofar. Igjen oppmodar vi dykk sterkt om å handle raskt og bestemt for å adressere dei tydelege farane som spreiinga av feilinformasjon, desinformasjon og bløffar utgjer i kjølvatnet av desse stormane,» skreiv dei.
Dei bad dei òg om å betre overvake «feilinformasjon og desinformasjon relatert til gjenoppryddingsforsøk relatert til katastrofar,» slik at det kan bli fjerna raskare, og slik at informasjon som kjem frå «verifiserte eller storrekkjevidd-kontoar» kan få spesiell merksemd.
I tillegg vil dei at desse plattformene skal forbetre algoritmane sine på ein måte som kan stoppe spreiinga av «skadelege konspirasjonsteoriar», og å inngå partnarskap med lokale byrå om faktasjekkingsforsøk for å sikre sannferdigheita til informasjonen som blir publisert. Alle desse er ulike måtar å sensurere nett-retorikk og stilne dei som vågar å kritisere den ynkelege responsen til FEMA på desse katastrofane.
Senator Bill Hagerty frå Tennessee er blant dei som har kritisert FEMA for at dei ikkje strekkjer til. I eit intervju med News Channel 11 klaga han: «FEMA har vore altfor seine med å kome inn på banen. Leiarproblema i den organisasjonen er alvorlege. Dei er underbemanna. Dei er on demand. Prioriteten deira er på feil stad. Dei er ikkje eingong p rette staden. Dei burde vere her der folk reiser for å få naudforsyningar, ikkje på ein eller annan fjern stad.»
FEMA kritisert for misbruk av midlar og for å gje bistand basert på utfallslikskap, og ikkje behov
FEMA har vore i elden sidan dei erklærte at dei «ikkje har midlane» til å hjelpe amerikanarar med å kome seg gjennom resten av den atlantiske orkansesongen etter at dei brukte meir enn to milliardar dei siste to åra på å adressere migrantkrisa.
Minister i Homeland Security Alejandro Mayorkas åtvara: «Vi forventar at nok ein orkan råkar oss. Vi har ikkje midlane. FEMA har ikkje midlane til å kome seg gjennom sesongen og det – og det som er på veg.»
Byrået fekk meir kritikk etter videoar dukka opp som viste at topp-prioriteten deira er å «innføre utfallslikskap som eit grunnlag for krisehandtering», noko som antydar at naudhjelp skal bli levert på grunnlag av woke-demografi-karakteristikkar enn faktisk behov.
Desse historiene har vekt mykje bekymring blant amerikanarar, og medan der visseleg har vore tilfelle der menneske har delt historier på nettet som feilrepresenterer situasjonen med FEMA, tok det ikkje Demokratane lang tid å bruke situasjonen som ei orsaking for å be om meir sensur mot konservative kritikarar av Biden/Harris-administrasjonen.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
