Nettstaden Remix News rapporterer:
I eit intervju med den tyske avisa Die Welt forklarer eit pensjonert tysk par kvifor dei flytta til Ungarn, og peiker på levestandarden i landet, som dei sa dei aldri kunne ha hatt råd til i Tyskland.
«Eg ønskte å bu på ein varmare stad. På den andre sida såg ikkje vår finansielle situasjon særleg god ut. Eg mottek ein pensjon på 800 euro [9500 kroner], og kona mi mottek uheldigvis ikkje nokon pensjon. Det ville ha vore ein kamp for å overleve i Tyskland,» sa pensjonistane til avisa.
«I Ungarn kan vi på den andre sida begge leve godt med desse pengane,» sa 67 år gamle Roland S.
Roland S. seier at det er «mykje billegare» å bu i Ungarn.
«Vi betaler 10 euro i månaden for elektrisitet. I Tyskland var det ti gonger so mykje. Vatn kostar oss fire euro i månaden. Vi bruker rundt 500 euro på ymse daglege kjøp, daglegvarer og fôr til våre tre hundar. Vi unner oss alt vi ønskjer,» sa han.
Billege bustader var òg ein medfaktor i avgjerda deira, sjølv om det ikkje var enkelt å finne eit hus i deira prisklasse.
«Det var ikkje lett, sidan prisgrensa vår låg på 15 000 euro. Men vi var heldige og kjøpte eit hus på 80 kvadratmeter og ei tomt på 3000 kvadratmeter. På eitt tusen av desse kvadratmetrane var det dyrka ein vingard. For tre år sidan betalte vi berre 9500 euro for alt dette – og huset ligg 20 minutt frå Balaton-sjøen. Naturlegvis måtte vi gjere mykje oppussing sjølve, men vi fekk òg hjelp frå fagfolk,» sa han, og la til at fagfolk i Ungarn er kompetente, effektive og krev reielege prisar.
Tyske media er karakterisert av ei sterk anti-Orbán-partiskheit, men dette tyske paret ser ut til å favorisere den ungarske statsministeren.
«Ungarn er karakterisert av nasjonal stoltheit og tradisjonelle verdiar. Dette burde vere tydeleg for dykk,» sa Roland. «Eg meiner Orbán er ein anstendig politikar som står opp for landet sitt og sine borgarar.»
«Etter mi meining gjer særs få politikarar i Tyskland dette,» la han til.
På spørsmål om han saknar Tyskland, sa han: «Ikkje eigentleg – kanskje bortsett frå ein tysk elektrikar. Men det har meir å gjere med språk enn med ferdigheiter. Elles saknar eg nesten ingenting i dagleglivet.»
Sjølv om han og kona hans berre snakkar lite grann ungarsk, seier han at alle han har møtt har vore vennlege og opne, og at han stundom snakkar med naboane sine.
Derimot er ein bakdel tilstanden til helseomsorgssystemet i hans område. Han seier at dersom dei har nokon medisinske problem, reiser dei tilbake til Tyskland.
Når det gjeld om han nokosinne kjem til å flytte tilbake til Tyskland, svarte han: «Kven veit kva retning Tyskland vil utvikle seg i. For tida føretrekkjer eg å bli verande i Ungarn.»
Sidan artikkelen vart publisert ser dei ikkje ut til å vere dei einaste tyskarane som tykkjer godt om Ungarn. Intervjuet fekk nesten 1000 kommentarar.
«Orbán, slik som Wilders, har vore eit lyspunkt sidan 1998,» stod det i ein kommentar.
Ein annan skreiv: «På byrjinga av pensjonisttilværet mitt kjøpte eg ei lita leilegheit i ein ungarsk by. Eg kan rett og slett ikkje utstå galskapen i Tyskland lenger, og i det lange løp skal eg flytte vekk fullstendig. Det interessante er kva dei fortel meg om Tyskland i Ungarn. Dei sa til meg at for fem år sidan ville alle ungararar reise til Tyskland og Austerrike, men i dag, trass lønnsskilnadene, ønskjer mange å kome tilbake. Og no kjem fleire og fleire tyskarar til Ungarn.»
Det er ikkje uvanleg for pensjonerte tyskarar å flytte til utlandet på grunn av levekostnadskrisa i heimlandet, sjølv om Ungarn kan vere ein ny destinasjon for stadig fleire tyskarar fordi det ligg sopass nært Tyskland, noko som gjer det enkelt å fare på tur heimatt.
I fortida har Orbán sagt at han ser ei bølgje av kristne migrantar kome til Ungarn i framtida. Han har òg uttrykt anger for at landet hans utviste den etnisk tyske befolkninga etter slutten på Andre verdskrig, og sagt at det var ein historisk feil.
Generelt er Orbán særs positiv overfor Tyskland og det tyske folket, men han har sagt at landet har endra seg radikalt det siste tiåret.
«No er ikkje Tyskland lenger Tyskland. Det er ei fargerik, endra, multikulturell verd, der migrantar som kjem hit ikkje lenger er gjester i dette landet… Dei er ikkje der som gjester til innfødde tyskarar, men i sin eigen rett. Det er no òg deira land,» sa han.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
