Liz Heflin på nettstaden Remix News melder:
Desertering har nådd nye høgder i Ukraina, og forsøk på å sleppe unna militærteneste held fram å vere eit stort problem for Ukraina sine væpna styrkar, rapporterer Do Rzeczy [polsk for «til poenget»].
«Ukrainarar som ikkje ønskjer å fare i krigen ser etter ymse måtar å unngå verneplikt. Grensevakter nær grensa til Moldova pågreip to grupper menn som prøvde å sleppe ut av Ukraina. Dei fekk administrative merknader for å ha utført eit brotsverk,» rapporterte den statlege grensevakttenesta i Ukraina.
Offiserar pågreip to grupper som bestod av åtte og 11 menn. For å rømme landet hadde dei betalt frå 3000 til 5000 dollar [32 600 til 54 400 kroner] for nettinstruksjonar frå ein organisator via Telegram-kanalen, som hadde splitta dei i to grupper slik at dei skulle bli meir mobile og vekkje mindre mistanke.
Mennene hadde fått anmerking for å prøve å ulovleg krysse den ukrainske riksgrensa.
Dette er ikkje den fyrste situasjonen i sitt slag. 6.september pågreip grensevakter frå Volyn to menn som hadde tenkt å ulovleg krysse riksgrensa, og 7.september vart fire rømlingar pågripne i Zakarpattia; dei hadde gått i fjella i fem dagar og ønskte å krysse Tisza-elva. I mellomtida, i Rivne-regionen, gjekk rømlingar som prøvde å kome seg til Kviterussland nesten på miner.
Ukraina innfører no ei ny lov, der parlamentet har forbode mobilisering av menn under 25 år. Støtta for endringa var høg, og lova ligg no klar til å underskrivast på skrivebordet til president Zelensky.
Lova hindrar mobilisering av menn i alderen 18-25 som ikkje har fullført militærtenesta eller studert ved militæruniversitet, men som fell under statusen av sokalla «avgrensa nytte». Dette tydar ein person som ikkje er skikka for militærteneste i fredstider på grunn av helsetilstanden sin, men som kan bli innkalla til teneste i krig.
Ei anna lov vart derimot vedteken tilbake i april, der ein soldat ikkje lenger kan bestemme seg for å avslutte tenesta etter 36 månader, noko som tidlegare var tillate.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
