Dette er eit satirisk essay skrive av redaktøren i Saksyndig.
Den uføretrygda psykologspesialisten og forfattaren Frøydis Lilledalen, som for 10 år sidan vart ramma av den imaginære sjukdommen kronisk utmattingssyndrom (ME), har lirka seg ut av ME-tåka for å skrive eit innlegg i Nettavisen. Dei altfor mange uføre i landet har i altfor lang tid fått altfor mykje pengar for å liggje heime på sofaen og drive dank. Dette er mildt sagt ikkje berekraftig for eit land som ligg på økonomisk sotteseng. No må noko gjerast, og det litt brennkvikt!
For å sitere ME-Frøydis, som vi her kallar ho (ho er jo etter eige ønske verken psykologspesialist eller forfattar lenger, berre ufør):
«Hvem tror trygda at de er? Vanlige folk?»
Dei er sovisst ikkje vanlege folk. Dei er parasittar. Dei er ubrukelege etarar. Og dei må alle døy – helst i går.
Glisebikkja Trygve Slagsmål Vedum seier nok ein gong at det skal lønne seg å jobbe. Det skal iallfall ikkje lønne seg å snylte på fellesskapet. Og dersom ein har alvorleg, kronisk sjukdom før fylte 30, skal dette no bli forbode. Fysj! De er sovisst ikkje sjuke, de er berre late. De har sett for mykje på TikTok, hardporno, valdsfilmar og skremselspropaganda frå hovudstraumsmedia.
For å sitere ein klok kar i ein av Salhusvinskvetten sine kjende, kjære landeplagar:
«De må berre gje dykk med sytinga dykkar og koma dykk i arbeid på flekken!»
Parasittane stel ikkje berre pengar frå oss, dei stel bustader frå oss, som ME-Frøydis so tappert formulerer i innlegget som det truleg tok mykje tid og lite krefter å skrive:
«Ikke nok med at gjengen av syke slabbedasker har sugerør på størrelse med strømkabler i statskassa. De opptar også små boliger som arbeidsfolk kunne bodd i.»
Og ein tredje ting… Har de nokosinne lurt på kvifor det er so grådig lang ventetid på legekontor, apotek og andre medisinske instansar for tida? Her er svaret:
«Langtidssykes legetimer medfører ventetid på legekontoret, så pjuske friske mister verdifull arbeidstid. Og i tider med medisinmangel, gafler trygda i seg medisiner som kunne kommet arbeidsfolk til gode.»
Som sagt er det ikkje ekte sjukdom dei lid av, men «manglende moral og arbeidsvilje». Skal liksom forskarar sløse vekk milliardar på å forske på «ME», «long covid», «psykiske lidingar» og andre politisk konstruerte tilstandar? Det sit ikkje i kroppen, det sit i hovudet. Dei gidd ikkje å jobbe, men sit likevel på ræva og syt:
«Sutringa vitner om hvor lite sjuke er interessert i å gjøre noe sjøl med sin egen situasjon.»
Og vidare:
«Det er som om sjuke og uføre ikke skjønner hvor liten verdi de har i kraft av at de ikke produserer. I stedet er det et evig mas ‘skal ha, skal ha’. ‘Gi oss bostøtte og barnetillegg, sosial nødhjelp og matkasser, gi oss nok penger til strøm, la oss leie uten at det koster skjorta, gi oss muligheten til å gi ungene leirskole, barnebursdager og vintersko, og la oss beholde tenna,’ hyler de.»
Nei, no er det nok. Dei sjuke og uføre i landet er vår tids parasittar, som er misunnelege på dei som har råd til å leve eit anstendig liv med bil, eige hus, hytter og utanlandsferiar. Kva om vi vanlege arbeidarar berre skulle ha sagt ein morgon: «Nei, i dag gjev eg faen i å kome på jobb. Gje meg pengar for å ikkje gjere ein skit.»
USA er eit mål vi alle burde rette oss etter. Der misser du alt om du misser helsa; fallhøgda er drithøg. Spark alle uføre ut av sine små trygdebustader, slik at dei må leve på gata med «ME», «long covid», «psykiske lidingar» og andre oppdikta sjukdommar. Kanskje vil dei innsjå sin manglande funksjon i samfunnet, at dei berre er ei bør. At dei berre er ubrukelege etarar:
«Det er selvsagt tragisk at selvmordsraten går opp. Eneste lyset i mørket er at det statistisk er flere fattige, sjuke og uføre enn arbeidsfolk som velger denne utveien.»
Kva skal vi gjere med dei mange «sjuke» i landet, ei gruppe som berre har vakse i omfang etter pandemien (eller «grodd som ugress» slik ME-Frøydis skriv)? For vi kan jo ikkje berre sende dei ut av landet, vel?
Eg har i all beskjedenheit eit forslag. Ubrukelege etarar, same kva slags land dei kjem frå, kan sjølv bli om til høgt brukeleg mat. Til dømes kan dei bli livgjevande næring til planter, eller bli brukt som tilsetjingsstoff i matvarer. Kanskje kan dei òg serverast som mat au naturel, til dømes til våre nye landsmenn frå Haiti, eller til dei mange sjukeheimane i denne dysfunksjonelle vitsen av eit møkkaland? Her er det berre fantasien som set grenser, og om Mattilsynet er interessert i fleire utspel frå meg, er det berre å ta kontakt.
