Det newzealandske «Disinformation Project» stengjer ned etter skuldingar om å stilne opposisjonen

Didi Rankovic på nettstaden Reclaim the Net rapporterer:

Disinformation Project, som vart lansert i byrjinga av 2020 i New Zealand som ei «desinformasjonsforskingsgruppe», men hudfletta av kritikarar for å innføre ideologisk sensur, eksisterer ikkje lenger.

Prosjektet er eit produkt av covid-æraen, som fyrst fokuserte på det som på den tida vart sett på som «desinformasjon», for so å breie seg ut til ting slik som vaksineskepsis generelt, klimaendring – og, visstnok, til og med lokalpolitikk.

Gruppa, som koordinerte med New Zealand-regjeringa, skildra sine aktivitetar som forsking og analysar av alle slags «ekstreme, konspiratoriske synspunkt», so vel som at deira medborgarar «fall ned» i slike. [Eit kaninhòl, kanskje? Oms. komm.]

Kritikarar, derimot, peiker på at å stilne opposisjonen, inkludert det å støtte «hattale»-lover, var blant aktivitetane av det no nedstengde føretaket som vart leia av Kate Hannah.

Desse kritikarane skuldar Disinformation Project for å gå frå å vere eit nyttig verktøy for den newzealandske regjeringa til å spreie sine narrativ som fremjar covid-19-tiltak (enkelte av dei strengaste i verda), til å bli eit politisk våpen for å fremje ein viss agenda.

Tilbake i april var enkelte av kommentatorane bekymra for kor Disinformation Project sitt skifte frå den «forlatne pandemien» til politisk påverknad kunne føre.

Vi veit no at det har ført til undergangen til gruppa – men det er berre eitt av mange liknande forsøk som dukka opp under covid-æraen rundt om i verda.

Ei spesifikk skulding mot denne kjem frå den New Zealand-baserte journalisten Chris Lynch, som hevdar at Hannah, saman med Sanjana Hattotuwa, prøvde å i praksis manipulere 2023-valet i landet ved å påverke media via «hemmelege briefingar».

Dette lykkast ikkje i dette tilfellet fordi dei vart «avslørt» – men dei siste fire åra har Disinformation Project blitt skulda for å bli stadig meir desperate etter å halde seg relevante, og finne måtar å oppnå dette på, med at politikken som dei pusha vart godteken utan kritisk gjennomgang frå dei etablerte media si side.

Lynch har trua på at det at dette prosjektet gjekk under, og framveksten av enkelte som utfordrar dei politiske narrativa frå etablerte media tydar av New Zealand har sett lyset når det gjeld sensur forkledd som bekymring for demokratiet og kampen mot «desinformasjon».

Derimot er det like mogleg at når eitt slikt vesen forlèt scena, so kjem eit anna med eit anna namn, men med det same føremålet, og tek plassen det hadde.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget