Putin: Russland har «uavgrensa» energiressursar

Russia Today (RT) rapporterer:

Russland har ei uavgrensa mengd av energiressursar, sa president Vladimir Putin under ei BRICS-mediesamling fredag [18.oktober 2024]. Han snakka om viktigheita av vareeksport til Kina, og skildra Russland som den mest pålitelege forsyningsparten.

Putin sa at gjensidig fordelaktig samarbeid mellom Moskva og Beijing blir hjelpt av det faktum at dei er naboar og ikkje treng å transportere drivstoff og andre varer over vatn.

«Heile grensa er delt, og energiressursane i Russland er rett og slett uavgrensa,» slo Putin fast.

Kinesiske representantar er glade for å kjøpe russiske energiressursar, sa presidenten, og la til at Russland står på fjerdeplass når det gjeld andelar av kinesisk handel.

Russlands handel med Kina passerte 65 milliardar dollar fyrste halvdelen av dette året, der nivå av naturressurs-eksport nådde nye høgder, rapporterte Vedomosti i juli, og viste til kinesiske tolldata.

Eksport av russiske varer til Kina gjekk opp 4% om ein samanliknar det eine året med det neste, og gjekk opp til rekordhøge 65,2 milliardar mellom januar og juni i år, der olje- og gassforsyningar utgjorde nesten 90% av frakt, ifølgje dei nyaste tala.

Under den perioden kjøpte Kina mineralolje og andre petroleumsprodukt verdt 50 milliardar, samanlikna med 47 milliardar i same perioden førre år.

Russland har verdas største naturgassreservar og er den nest største produsenten av naturgass. Det er den tredje største produsenten av olje, noko som utgjer meir enn 12% av global produksjon, og deira del av anrikt uran-marknaden er estimert å liggje på 40%. Landet er òg blant dei ti største produsentane av nikkel, og verdas tredje største produsent av titan.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget