Dan Frieth på nettstaden Reclaim the Net melder:
Alison Morrow (tidlegare Westover), ein journalist som har oppnådd mykje, fann seg sjølv i litt av ein juridisk kamp på grunn av retten sin til å ytre seg fritt. Morrow, som er representert av Silent Majority Foundation [«stille fleirtal-stiftinga»], har levert begjæring om søksmål til Washington State Department of Natural Resources (DNR) og deira topp-tenestefolk, dette på grunn av uriktig oppseiing etter at ho fekk sparken for å leggje ut eit intervju på sin YouTube-kanal. Kanalen, eit personleg prosjekt som vart laga medan ho var miljøreporter ved KING 5 i Seattle, vart gjenstand for kontrovers som følgje av at innlegget hennar inneheldt ein høgt sensurert lege, dr. Aaron Kheriaty, og synspunkta hans på covid-19.
Vi [Reclaim the Net] har fått tak i ein kopi av søksmålet, som kan lesast her.
Karrieren til Morrow ved KING 5, som varte frå 2013 til 2019, var markert av betydeleg suksess, inkludert to Emmy-prisar. Ho var anerkjent for sin uavhengige journalistikk og DNR visste allereie om hennar YouTube-aktivitetar då dei rekrutterte ho som kommunikasjonsspesialist. Fyrst vart det ho dreiv med i uavhengige media støtta av DNR, men stemninga endra seg då ho valde å ta med dr. Kheriaty. Leiinga i DNR åtvara Morrow at dersom ho heldt fram med å leggje ut intervju, kunne ho risikere å bli oppsagt, ein trugsel ho møtte med å tappert nekte å gå vekk frå sitt vern under First Amentment [tillegg til den amerikanske grunnlova som mellom anna regulerer ytringsfridom; oms.an.].
Morrow, som var bestemt på å halde på sin rett til ytringsfridom, pressefridom og assosieringsfridom, valde å ikkje rette seg etter DNR sitt direktiv om å halde seg til godkjende narrativ. Denne motstanden førde til slutt til at ho vart oppsagt, noko som fekk ho til å søkje juridisk assistanse frå Silent Majority Foundation, som tok imot saka hennar for å tryggje desse grunnleggjande rettane.
«First Amendment er ein av dei heilagaste rettane for amerikanarar. Det er det som skil landet vårt frå dei fleste andre, at vi har fridommen til å stille spørsmål ved staten vår. Den er òg sentral for ei fri presse. Eg var viljug til å misse jobben min – og alt det gav familien min – for å gjere motstand mot snikfjerninga av denne retten som eg var vitne til på den tida, ikkje berre i mi eiga sak, men òg i tusenvis av andre i heile landet under pandemien,» sa Morrow. «Det var ingen måte å drive med vitskap eller journalistikk i sensurkulturen som var driven av staten vår på den tida. Det tyda at millionar av menneske tok avgjerder utan informert samtykke. Med tanke på at eg har plikta meg til å søkje sanning kor enn den fører hen, var eg ikkje viljug til å lyde eit krav om å vere stille.»
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
