Russia Today (RT) rapporterer:
BRICS-toppmøtet denne veka i den russiske byen Kazan vil freiste fleire land til å bli med i den veksande gruppa, og Washington har berre seg sjølv å skulde på, sa tidlegare Pentaton-analytikar Michael Maloof til den tidlegare britiske parlamentsmedlemmen George Galloway sist sundag [20.oktober 2024].
På programmet Galloway’s Mother of All Talk Shows (MOATS) applauderte Maloof den russiske presidenten Vladimir Putin for å erkjenne at tallause statar rundt om i verda leitar etter eit meir inkluderande økonomisystem og er ute etter å, i Mallofs ord, «å kome seg vekk frå dei hatefulle sanksjonane til Vesten og finanssystemet som verkeleg har vore til hinder for dei».
«USA bestemmer over den ‘Regelbaserte ordenen’, som tydar at dei ikkje berre kan lage reglane, men bryte dei når det passar dei, og vi har sett dette konstant når dei tek eigne avgjerder. Og verda seier ‘vi har sett nok av denne driten’,» sa han til Galloway.
«Vi kjem til å sjå utfordringar mot hegemoniet til dollaren, [og] at dollaren og det vestlege systemet blir brukt som våpen, og vi ser allereie mekanismar som vil bli tilbydd på dette toppmøtet denne veka,» heldt han fram.
Etter at landet i praksis vart bannlyst frå det vestlege finanssystemet på grunn av Ukraina-konflikten i 2022, har Russland intensivert sine forsøk på å etablere utanlandshandel i rublar og andre valutaer. «Vi nekta ikkje å utføre transaksjonar i dollar. Heller vart vi nekta det, og vart rett og slett tvinga til å sjå etter andre alternativ,» forklarte Putin under Eastern Economic Forum (EEF) i Vladivostok førre månad.
Putin sa at Russland og deira BRICS-partnerar no bruker nasjonale valutaer i 65% av gjensidige handelsavtalar. Ifølgje Reuters vil Russland føreslå eit nytt blokkjede-basert internasjonalt finanssystem under toppmøtet denne veka. Medan Moskva ikkje har kommentert Reuters-reportasjen, sa den russiske finansministeren Anton Siluanov tidlegare til RT at Moskva og andre BRICS-land arbeider på ein ny grensekryssande betalingsinfrastruktur som er uavhengig frå det vestlege SWIFT-systemet.
Viljen USA og deira allierte har til å bruke dollaren som våpen og stengje rivaliserande makter ute frå det vestlege systemet, har fått til og med Washington-vennlege land som Brasil, India og Dei sameinte arabiske emirata til å leite etter alternative arrangement, sa Maloof. Dette, kombinert med det faktum at sanksjonar har drive Russland og Kina til ein endå nærare partnarskap, viser at «du ser ikkje strategisk tenking kome frå USA lenger,» sa han til Galloway.
BRICS vart opphavleg grunnlag i 2006 av Brasil, Russland, India og Kina, og Sør-Afrika vart medlem i 2011. Etiopia, Egypt, Iran og Dei sameinte arabiske emirata vart med i januar 2024. Saudi-Arabia har enno ikkje ratifisert medlemsskapet sitt etter å ha blitt invitert til å bli med.
Russland er for tida leiar av gruppa. Meir enn 30 nasjonar, inkludert NATO-medlem Tyrkia, har søkt om å bli med.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
