Massiv ny FEMA-leir dukkar opp «over natta» i Nord-Carolina

Belle Carter i Natural News rapporterer:

Lokalinnbyggjarar i Candler i Nord-Carolina rapporterer at ein mystisk Federal Emergency Management Agency [«føderalt byrå for krisehandtering»] (FEMA)-leir har blitt installert – i all hast – i området.

Dei uttrykte bekymring for korleis den berre dukka opp når personale i byrået ikkje har gjeve dei bistand, og såg ut til å ha forlate dei medan dei sjølve kom seg etter det katastrofale etterspelet til orkanane Helene og Milton.

Ann Vandersteel i Zelenko Freedom Foundation reiste til området for å sjekke ut den massive installasjonsleiren som dukka opp på berre nokre få dagar. Ho bestemte seg for å undersøkje på eigedommen fordi dei hadde sett droneopptak, men teamet deira vart overvaka av personalet i leiren.

Josh Worth, ein FEMA-talsperson, kom etter nokre få minutt for å svare på det Vandersteel lurte på.

Fyrst klargjorde han at FEMA byggjer installasjonen for sitt personale, so vel som for andre føderale og friviljuge byrå som treng ein stad å bu medan dei hjelper overlevande i lokalområdet.

«Vi byggjer desse for å halde oss vekke frå dei lokale hotella slik at katastrofe-overlevande kan bu på dei lokale hotella,» forklarte han til Vandersteel, som straks følgde opp med: «Blir pengar gjevne til overlevande slik at dei kan betale lokale hotell?»

Worth bekrefta at ja, offer får pengar for bustad, men han kunne ikkje gje meir informasjon sidan dette «ikkje er hans felt», og hans område ligg «i enden av støtta for operasjonane».

Når ein går tilbake til detaljane om leiren, bekrefta han til Vandersteel at fasiliteten kan huse opp til 700 menneske, og når det gjeld kor lang tid det gjenstår for å fullføre bygginga av den, «har han inga aning på noverande tidspunkt».

Sidan verten for programmet «Zelenko Report» bur i Florida, spurde ho om der blir bygt liknande infrastruktur i «Solskinsstaten». Derimot, ifølgje FEMA-representanten, vurderte byrået at det enno ikkje var naudsynt på dette tidspunktet. Det er for tida ståstaden deira på situasjonen i Wyoming òg. Men der er to fleire av denne typen fasilitetar i Nord-Carolina, sidan dei sikrar seg at «alle område som er påverka av orkanane blir dekt».

Til slutt spurde Vandersteel Worth om der er nokon misforståingar han ønskjer å oppklare om FEMA, spesielt sidan lokalinnbyggjarane har klaga over korleis byrået ser ut til å ha forlate Nord-Carolina, heller enn å hjelpe til, etter dei to øydeleggjande orkanane.

Ein annan konto på X la fram dette problemet, og sa at FEMA tok deira personale ut av Rutherford fylke på grunn av «rapportar om militsar som jaktar på FEMA-personale». Den rapporten har seinare blitt fullstendig avkrefta, men det stoppa ikkje byrået frå å jobbe utifrå den ideen at dei var i krig med lokale innbyggjarar.

«Vi har ikkje forlate området,» sa han, og gjekk til og med god for at der er ekstra personale på veg. «Det tek ei stund å byggje ein leir. Vi har ikkje henta personale enno fordi vi ikkje vil at dei skal bli ein del av problemet. Vi ønskjer å sikre oss at vi har ein infrastruktur klar og ventar på dei.»

Medan ho gjekk til området før ho i det heile snakka med FEMA-folk, spelte Vandersteel inn ein video som ho delte på X-kontoen sin som ein direkte-reportasje for «Steel News». Innlegget har meir enn 600 000 visningar i skrivande stund.

Ho såg gigantiske luftanleggskontrollerte lastebilar og trailerar kome inn, og observerte at installasjonen berre hadde éin inn- og utgang. Ho nemnde i tillegg at lokalinnbyggjarar har fortalt ho at nemnde FEMA-eigedom visstnok er eigd av eit lastebilselskap som vart leasa til den føderale regjeringa. Når dei undersøkte, fann teamet hennar ut at det digre landområdet var eigd av Smoky Park LLC.

Følgjarane til Vandersteel på X lovpriste innsatsen hennar om å gå og klargjere med FEMA-personalet på eiga hand. Nokon kommenterte til og med: «Kvifor byggjer dei ein FEMA-leir for 700 ‘redningsarbeidarar’ og ikkje hjelper innbyggjarane som miste alt, og der mange er i ferd med å døy eller allereie døde? Nokon vondskapsfullt går føre seg i desse fjella.»

FEMA påstår at dei igjen går frå dør til dør i Nord-Carolina

FEMA har visstnok igjen byrja med dør-til-dør-besøk som del av orkan-gjenopprettingsarbeidet deira i Nord-Carolina. Reportasjar skriv at dette var mellombels sett på pause på grunn av visse «trugslar» som fekk tenestepersonar til å fordømme spreiinga av desinformasjon.

Tidlegare i oktober kom reportasjar ut om at FEMA-arbeidarar kunne bli mål for militsar medan regjeringa responderte på orkanen Helene.

Sheriffkontoret i Rutherford fylke sa at dei fekk ei oppringing om ein mann med ei rifle som kommenterte «om mogleg skade på» FEMA-tilsette som jobba i dei hardt råka områda Lake Fure og Chimney Rock i Nord-Carolina-fjella. (Relatert: Fakta eller fiksjon? Media påstår at FEMA ikkje er i Helena-øydelagde vestlege Nord-Carolina fordi «væpna militsar» jaktar på føderale naudhjelpsarbeidarar.)

Han vart tiltala for å «gå rundt væpna og skremme folket», eit mindre brotsverk, og vart sleppt ut etter å ha betalt kausjon. Han opererte ikkje i ei gruppe, berre åleine.

FEMA utførde operasjonelle endringar for å halde personalet trygge «ut av føre-var-omsyn», sa byrå-administrator Deanne Criswell. Men FEMA-arbeidarar sa at dei var tilbake i området førre veke og Criswell sa at naudhjelpsteam hjelper overlevande med å søkje om FEMA-bistand, og at delstatleg og lokal assistanse vil halde fram med å gå frå dør til dør.

«Den føderale familien har vore her og jobba side om side med delstaten frå dag éin. Desse er folk som sette liva sine på vent for å hjelpe dei som har mist alt,» sa Criswell.

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget