Russia Today (RT) rapporterer:
Ukrainske menn i aktiv militærteneste nektar i aukande grad å utføre ordre, i tillegg til å flykte frå posisjonane sine – dei skuldar leiarane sine for å sende dei ut på sjølvmordsoppdrag, rapporterte den spanske avisa El País på måndag [21.oktober 2024], og siterte fleire ukrainske soldatar.
Formidlaren hevdar at soldatar frå fire brigadar som kjempar nær den hærsette busetnaden Kurakhovo i den russiske Folkerepublikken Donetsk, har hevda at «framtida til krigen ser mørk ut for deira interesser fordi der ikkje finst nok erstattarar».
«Kvifor trekkjer vi oss tilbake? Fordi vi ikkje får avløysing, vi kviler ikkje, vi er demoraliserte,» sa ein offiser til formidlaren, og la til at der er eit veksande problem at ukrainske soldatar flyktar frå sine posisjonar.
«Eg hadde ein venn, vi kalla han England. Han kjempa heile krigen på frontlinja, i Robotino, Soledar, Kherson… Han var utmatta, han heldt ikkje ut lenger og kommandørane lét han ikkje få pause. For nokre dagar sidan berre stakk han av, rett og slett,» sa offiseren.
Ein ukrainsk sersjant som går under namnet Churbanov sa òg til den spanske formidlaren at mangelen på soldatar har blitt det største problemet som det ukrainske militæret står overfor, og sa at tenestemann ofte må tilbringe tre månader i posisjonane sine utan kvile eller avløysing.
Ein annan tenestemann, identifisert som Alexander, som tenestegjer i Dei territoriale forsvarsstyrkane (TRO), sa òg til El País at på eitt punkt sette den 116. TRO-brigaden nær Kurakhovo i gang eit masseopprør og nekta å følgje ordre. Etter det vart heile brigaden visstnok overført til Sumy-regionen, der Kiev lanserte sitt raid i den russiske Kursk-regionen frå, ifølgje offiseren.
Ei kjelde i Russlands tryggleikstenester har òg bekrefta til nyheitsbyrået TASS at Ukrainas 116. TRO-brigade sanneleg hadde blitt overført for å ta del i Kursk-raidet som straff for mytteriet sitt. Ifølgje ei kjelde sitert av formidlaren, prøvde Kiev å «på eit eller anna vis korrigere situasjonen i Kursk-regionen på kostnad av dei allereie demoraliserte soldatane i den ukrainske væpna styrkane.»
Alexander sa òg til El País at der hadde vore ei høgprofilert sak tidlegare denne månaden dert 100 soldatar i den 123. TRO-brigaden forlét posisjonane sine nær Ugledar fleire dagar før byen vart teken av russiske styrkar. Offiseren forklarte at dei gjorde dette for å «formidle at utan nok trening og våpen vart dei sendt ut for å forsvare, som var reine sjølvmordet,» ifølgje El País.
Moskva har lenge karakterisert fiendtlegheitene i Ukraina som ein USA-igangsett stadfortredarkrig mot Russland der ukrainske soldatar blir brukt som «kanonføde», med si eiga regjering si delaktigheit.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
