Andre attentatforsøk på den slovakiske statsministeren Robert Fico avslørt – pro-ukrainsk radikalar arrestert med ladd skytevåpen

Nettstaden Remix News rapporterer:

Den slovakiske statsministeren Robert Fico var nok ein gong målet for eit attentatforsøk tidlegare i oktober, men denne gongen vart skyttaren, ein radikal støttespelar av Ukraina, oppdaga i tide før han skulle skyte den slovakiske leiaren.

Gjerningsmannen vart funnen med ein ladd pistol i folkemengda i Dukla, og Fico avslørte hendinga fyrst no.

Allereie vart Fico offer for eit attentatforsøk i Handlova i mai, der han vart skoten fleire gonger og nesten miste livet. Derimot avslørte han no nyleg at under eit kampanjearrangement i Dukla var der ein skyttar til stade der òg og førebudde seg på å drepe han.

«Det som er verre er at desse forsøka dukkar opp til og med i etterkant. Vi hadde ei hending i Dukla, som folket enno ikkje vart informert om,» sa Fico til avisa Standard i eit intervju. Den mistenkte vart fanga før han kunne skyte den slovakiske politikaren.

Fico forklarte korleis mannen vart pågripen og kvifor han ønskte Fico død.

«Vi fanga ein særs militant person som hatar meg på grunn av ståstaden min rundt Ukraina. Han hadde ein pistol. Heldigvis kom han seg ikkje inn i sona der vi politikarar var, og han gjekk til sona der folket var. Då han der passerte gjennom ein metalldetektor, vart det oppdaga at han hadde eit fulladd våpen,» sa Fico.

Feiringar i Dukla fann stad 6.oktober i høvet 80-årsdagen til Karpatia-Dukla-operasjonen, som hadde som mål å støtte det slovakiske nasjonalopprøret. Til stade var fleire medlemmer av regjeringa og medlemmer av parlamentet, inkludert president Peter Pellegrini og statsminister Robert Fico.

Då han snakka om dei tidlegare attentatforsøka, sa han at «eg hadde flaks», og sa at skyttaren, Juraj Cintula, er ein politisk aktivist frå eit «visst politisk parti» som «tok del i spesifikke møte der han var svært aktiv».

Ifølgje Fico var avgjerda hans om å skyte Handlova ikkje impulsiv. «Tre gonger kom han til offentlege møte der eg òg var til stade. Han kom der tre gonger med eit våpen,» peikte han på.

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget