Nettstaden Remix News melder:
Ifølgje tryggleiksekspert og økonomi György Nógrádi, er situasjonen i Ukraina i stor grad avhengig av kven som blir den amerikanske presidenten 5.november. I HírTV-programmet «Háború Ukrajnánák», diskuterte Nógrádi, som underviser ved Avdeling for forsvarsøkonomi ved Corvinus-universitetet i Budapest, noverande rapportar om krigen i Ukraina.
Nógrádi sa at nøkkelen er 5.november, det amerikanske presidentvalet. Dersom Trump vinn vil fredsforhandlingar, etter hans meining, byrje med éin gong, men dersom Kamala Harris vinn, burde folk førebu seg på noko «fullstendig annleis».
Som ein vidare kommentar til valet, sa han at i motsetnad til Harris, har ein betydeleg del av industrien, inkludert tech-selskap, store selskap som produserer flydelar, selskap som produserer fly, og bilprodusentar alle stilt seg opp bak Trump.
Derimot er der òg andre faktorar som verkar inn når det gjeld den potensielle slutten på krigen. Nógrádi sa at i dei siste vekene har Tyrkia formidla at ukrainarar var klare for fredsforhandlingar, og Putin sa at han var klar til å gå vidare, men 24 timar seinare trekte ukrainarane seg. Dette var ei gjentaking av det som skjedde i 2022, hugsa han. Det vart òg merkt seg at Putin har sagt at han er klar til å inngå «rimelege kompromiss», sjølv om det er kjent at han er tydeleg på sin ståstad rundt Zelensky sine ambisjonar rundt territorium og andre ting som står i hans «Sigersplan». Putin held fast på at alle ettergjevingar «må vere basert på realitetane på slagmarka».
På spørsmål om der er nordkoreanske soldatar i Russland, vart spørsmålet lagt fram om at dersom Vesten kan støtte dei ymse militære handlingane til ukrainarane med leigesoldatar eller opptrening, kvifor kan ikkje Russland gjere det same med nordkoreanske soldatar?
Både leiarskapen i Kiev og vestlege allierte hevdar å ha bevis for at Pyongyang har sendt tusenvis av soldatar til Russland der dei kan bli sendt ut seinare, sa Nógrádi. Han peikte på at den russiske presidenten Vladimir Putin nyleg svarte på ein journalist si antyding om at satellittbilete viste nordkoreanske soldatar i Russland, ved å seie «alvorlege ting, og dersom det finst slike ting, slike fotografi, slike foto, tydar det at dei reflekterer noko.»
Media i Vesten har rapportert om at nordkoreanske soldatar er til stade og blir trena opp i Russland, men det er vanskeleg å vete nøyaktig kor mange, sa Nógrádi, sidan rapportar har sett talet på mellom 1500 og 12 000.
Når det gjeld utviklinga på frontlinja sa tryggleikseksperten at ukrainarane for tida skyt ned berre halvparten av dronane som blir sendt frå Russland til Ukraina, og kallar dette «ein særs dårleg rate».
Det vart òg nemnt at Moskva hadde reagert på den ukrainske lova som tillèt utanlandske borgarar å tene som offiserar på Kievs side, der talsmann for det russiske utanriksministeriet sa at utanlandske kommandørar kom til å sende ukrainarar til kjøtkverna.
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
