Ukraina skal TVINGE 160 000 fleire menneske inn i djupare slaveri

Mac Slavo på nettstaden SHTFplan.com skriv:

Den verste forma for slaveri, verneplikt (drep eller bli drepen for herskaren) blir meir alvorleg i Ukraina. Herskarklassen kjem til å tvinge rundt 160 000 menneske inn i militæret for å kjempe ein krig.

Verneplikt og tvangsinnkalling er horribel praksis, og so fort menneskeheita utviklar seg forbi regjering (mentalt slaveri, eller trua på autoritet), kan vi faktisk oppleve tilfriskning frå slik vondskap.

Derimot insisterer Ukraina på å doble innsatsen og gjere det tydeleg at til og med illusjonen om fridom ikkje er grunnlag for. «Vi har som mål å kalle inn 160 000 fleire individ, som vil late oss bemanne militæreiningar med opp til 85% personell,» vart det sagt, og ein merkjer seg at denne informasjonen kom frå Alexander Litvinenko, ministeren i det ukrainske nasjonaltryggleiks- og forsvarsrådet.

Ifølgje tidlegare meldingar frå lovgjevarar (medlemmer av herskarklassen) og medieformidlarar, har meir enn ein million soldatar allereie blitt tvangsinnkalla, og likevel har høge tap gjort at dei ukrainske væpna styrkane er plaga av bemanningsmangel.

Kort etter kommentarane til Litvinenko, rapporterte Associated Free Press (som rapportert av RT), at desse soldatane vil bli kalla inn i løpet av dei neste tre månadene, der ein siterer ei namnlaus «tryggleikskjelde».

RT:

«Dei ukrainske væpna styrkane hadde rundt 250 000 personale i aktiv teneste i byrjinga av 2022, eit tal som fort este ut so fort Vladimir Zelensky kalla inn reservistar og forbaud menn i tvangsinnkallingsdyktig alder å forlate landet.

Denne våren når Kiev stod overfor raskt aukande tap, lågna dei denne alderen frå 27 til 25, i tillegg til å vesentleg stramme inn på mobiliseringsreglane, noko som kravde at potensielle rekruttar skulle melde seg til vervekontor for ‘datavalidering’. Desse kontrollane resulterer ofte i at folk straks blir frakta til hæren og sendt til frontlinja.»

Ifølgje fleire vestlege hovudstraumsmedie-formidlarar, blir tvangsinnkalla soldatar ofte sendt til fronten med lite eller inga opplæring, og blir av deira meir erfarne medsoldatar sett på som uskikka for kamp. «Når dei nye fyrane kjem til posisjonen, spring mange av dei sin veg ved fyrste artilleri-eksplosjon,» sa ein visekommandør som kjempar i Donetsk-regionen til Financial Times førre månad. «Enkelte karar frys til [fordi] dei er for redde til å skyte fienden, og so er det dei som blir sendt heim i likposar eller alvorleg skadde,» la ein annan kommandør til.

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget