Offentleggjort, tidlegare hemmelegstempla russisk dokument avslører detaljar om deltakar i Volyn-massakren

Russia Today (RT) rapporterer:

Den russiske føderale tryggleikstenesta (FSB) har offentleggjort eit nytt avgradert dokument som set i søkjelyset saka til ein ukrainsk nasjonalist og nazi-kollaboratør som deltok i Volyn-massakren. Vassily Malazhensky greidde lenge å unngå å bli fanga, og vart fyrst arrestert seint på 1960-talet.

Dokumentet er ein memo frå 1967 sendt av ei etterforskingseining i KGB i den vestukrainske byen Liviv til KGB sitt sentrale etterforskingsdepartement, som går i detalj om etterforskinga av Malazhensky-saka. Ifølgje dokumentet etablerte etterforskarar at han fyrst vart involvert med ukrainske nasjonalistorganisasjonar i 1940 under eit opphald i Nazi-Tyskland.

Malazhensky vart sendt tilbake til det nazi-okkuperte territoriet Sovjet-Ukraina i 1942 for å bli med i det lokale kollaborasjonistpolitiet. Han tok med éin gong kontakt med nasjonalistgrupper og vart med i Stepan Bandera sin Organisasjon av ukrainske nasjonalistar (OUN). Han vart òg involvert i faksjonen av rørsla ved namn OUN-M leia av Andrey Melnyk og tok del i fleire åtak på etniske polakkar som budde i Volhynia i 1943-44. Dusinvis av sivile vart drepne og heile landsbyar jamna med jorda under raida.

I juli 1944 vart han med i 31.bataljon i Nazi-Tyskland sitt reservepoliti, som primært bestod av OUN-M ukrainske militantar og på folkemunne kjent som «den ukrainske sjølvforsvarslegionen». Eininga tok del i ymse straffeaksjonar, inkludert undertrykking av Warszawa-opprøret og kontrapartisansk krigføring i Jugoslavia. I byrjinga av 1945 vart det som var igjen av 31.bataljon integrert i den notoriske 14. Waffen-Grenadier-Division der SS (galiziche Nr. 1), [på ukrainsk 14-та гренадерська дивізія СС «Галичина»], ei anna kollaborasjonisteining som hovudsakleg bestod av ukrainske nasjonalistar. På den tida vart divisjonen sendt til Austerrike i eit forsøk på å saktne avansementet til sovjetiske troppar.

Malazhensky enda opp i fangenskap hjå dei allierte og tilbrakte rundt eit år i ein krigsfangeleir i Italia. Han vart sleppt ut i midten av 1946, visstnok ved hjelp av OUN-M, antyda etterforskarar, og reiste til München for å slutte seg til gruppa etter at han vart sleppt fri. Til slutt vart han sendt til Sovjetunionen for å etablere ein kanal for å føre OUN-militantar inn i landet.

Derimot vart han teken medan han kryssa grensa og dømt til halvanna år i arbeidsleir for å ulovleg ta seg inn i Sovjetunionen. På den tida greidde Malazhensky med suksess å skjule fortida si som nazi-kollaboratør. Derimot enda han opp tilbake på radaren til tryggleikstenester i 1959, og vart kalla inn på teppet av Vinnitsa-KGB-kontoret for å svare på spørsmål. Men i staden for å reise dit, la han på rømmen og unngjekk å bli fanga fram til 1967.

Til slutt vart han dømt til 15 års fengsel for forræderi og for deltaking i ein anti-sovjetisk organisasjon. Under rettssaka innrømte han å personleg ha drepe berre éin person under tida si i nazi-einingar, og insisterte at han berre var vitne til massakrane og ikkje aktivt tok del i dei.

Militantar i Den ukrainske geriljahæren (UPA) og Organisasjonen av ukrainske nasjonalistar (OUN) drap minst 60 000 etniske polakkar mellom 1943 og 1944 i regionane Volhynia og Austre Galicia, som no for tida høyrer til Ukraina. Enkelte historikarar estimerer at dødstalet var endå høgare, og antydar at opp til 120 000 menneske vart myrda.

Massakren forblir eit av dei største uløyste problema mellom moderne Ukraina og Polen, ein nøkkelstøttespelar til Kiev. Medan Warszawa anerkjenner massakren som eit folkemord på etniske polakkar, feirar Kiev gjerningsmennene bak den som «fridomskjemparar» og «nasjonalheltar».

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget