Britiske NHS dopa ned mann med Downs syndrom for å kunne tvangsvaksinere han

Rhoda Wilson på nettstaden Exposé News rapporterer:

National Health Service («NHS») i Storbritannia har i hemmelegheit dopa ned ein 30 år gammal mann med Downs syndrom, Adam, med kraftige medisinar i drikken hans (te, appelsinjuice eller cola) for å roe han ned før dei administrerte covid-«vaksinen» og booster-injeksjonar mot viljen til mora hans.

Som Law or Fiction skreiv på X: «Dette handlar ikkje berre om Adam, men om alle si evne til å beskytte sine kjære», og delte denne videoen.

Adam er eit pseudonym for å beskytte identiteten hans. Mora hans, Catherine, har lansert ein juridisk kamp for å stoppe denne praksisen, som ho kallar «tvangsvaksinasjon» og «noko som tilsvarer overfall» på menneskerettane til sonen.

Ein Cort of Protection-ordre i 2021 tillét den hemmelege neddopingsprosessen, og der står det at ein unngår bruken av tvang eller fysisk makt og overvinn fobien Adam har mot nåler. Dommaren konkluderte at vaksinen var i Adams «beste interesse» på grunn av hans læringsvanskar, autisme, Downs syndrom og sjukeleg overvekt, noko som plasserte han i ei «klinisk risikogruppe».

Catherine argumenterer at pandemien er over, og at covid no blir behandla som ein mild sjukdom. Ho hevdar at sonen hennar blir urettmessig kategorisert som høgrisiko, og at medisineringa og vaksinasjonsprosessen er eit åtak på hans autonomy.

Advokaten til familien, Stephen Jackson i Jackson Osborne, tok ein prat med Mike Graham i Talk TV i slutten av førre månad for å diskutere kva som har skjedd.

Ei rettsleg høyring skal etter planen finne stad 14.november 2024.

Catherine har lanserte ein spleis, «Stop Sedate-to-Vaccinate», for å få midlar til sin juridiske kamp mot måten NHS bruker «tvangsmedisineringsbehandling». På Crowd Justice-sida hennar står det å lese:

«Styresmaktene har tre sett med advokatar som er der for å underminere grunnleggjande prinsipp relatert til informert samtykke, kroppsleg autonomi og familiens rett til å agere i dei beste interessene til sine kjære. I hjartet av saka er ein farleg presedens: å late statlege råd bli overordna vurderingsevna til dei som kjenner og bryr seg om Adam mest – familien hans.

Adams tilfelle er ikkje eit isolert eit – i dag handlar det om covid-19-injeksjonar, men i morgon kan det involvere kva som helst slags medisinsk behandling som blir påboden av statlege styresmakter. Rolla til domstolen må ikkje vere å innføre statlege paraply-retningslinjer over familiar, spesielt når dei involverer inngripande prosedyrar med betydeleg risiko, slik som å dope ned ein sårbar vaksen.

Ver vennlege og del historia til Adam og vurder å donere til det juridiske fondet for å sikre at denne saka kan takast vidare. Støtta dykkar er livsviktig i å beskytte Adam frå meir skade, og for å sikre at ingen andre blir tvinga til å halde ut slik behandling.»

Omsett og noko forkorta av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget