Sean Adl-Tabatabai på nettstaden The People’s Voice melder:
Den fyrste kvinna nokosinne som fekk eutanasi ved hjelp av ein sjølvmordskapsel i Sveits måtte kvelast i hel av bøddelen sin på grunn av ein funksjonssvikt i maskina, ifølgje reportasjar.
Presidenten i Sarco sin operatør The Last Resort [«siste utveg»], dr. Florian Willet, vart arrestert saman med fleire andre menneske i nærleiken.
Lbc.co.uk rapporterer: Oppfinnaren av Sarco, Philip Nitschke, følgde prosessen via videolink, men greidde ikkje å få med seg alt på grunn av tekniske problem.
Ei 64 år gammal amerikansk tobarnsmor med her ukjent namn, døydde inni kapselen i midten av ein skog nær ei hytte i Merishausen, Sveits, 23.september.
Kapselen, som før dette aldri hadde blitt brukt, lèt ein person inni apparatet trykkje på ein knapp som injiserer nitrogen inn i det forsegla kammeret.
Personen inni skal då etter planen sovne inn, for so å døy av kveling.
Willet er framleis i politiets varetekt i Sveits nesten fem veker etter hendinga. Han var den einaste personen til stade då kvinna døydde, og skildra døden hennar som «fredeleg, rask og verdig».
Den svenske hovudpåtalaren i saka, Peter Sticher, meiner døden kan ha inntreft ganske so annleis, og har mistanke om at kvinna kan ha blitt kvelt i eit tilfelle av «forsettleg drap», rapporterer den nederlandske avisa De Volkskrant [«folkeavisa»].
Avisa rapporterer at kapselen blir opna og lukka fleire gonger før kvinna trykkjer på knappen som utløyser prosedyren, for å teste at den blir lukka.
Ein rettsvitskapleg lege som var på åstaden sa til retten at kvinna hadde, blant andre ting, alvorlege skadar på halsen.
Ifølgje nyheitsformidlaren vart presidenten i selskapet, som stod ved sida av kvinna under heile hendinga, høyrt seie til designaren av kapselen via videolink: «Ho er framleis i live, Philip.»
Kommentarane kom seks og eit halvt minutt etter at brukaren trykte på knappen for å gjere slutt på sitt eige liv.
Presidenten skal ha blitt forvirra av lyden av ein alarm – som ein trudde var ein hjarterytme-overvakar. Retten høyrde korleis han heldt fram med å lene seg over Sarco-kapselen for å kike inn, før alarmen sluttar.
Kvinna valde å ta sitt eige liv ved hjelp av Sarco på grunn av langvarig sjukdom, sa selskapet. Ho hadde blitt diagnostisert med skallebotn-osteomylitt, ein infeksjon i beinmergen.
Ho sa at ho hadde ønskt å døy «i minst to år», etter å ha lide av den «særs alvorlege sjukdommen som involverer sterke smerter».
På grunn av ein immunsjukdom var kvinna ute av stand til å motta effektiv behandling for sin osteomylitt, avslørte The Last Resort.
Etter å ha fått beskjed om døden hennar av dei to advokatane som var involverte i prosjektet og til stade på åstaden, gjekk politiet manngard i skogen og arresterte alle som var i nærleiken av Sarco, inkludert ein fotograf som jobba for Volkskrant.
I september sa hovudpåtalar Sticher til den sveitsiske avisa Blick: «Vi åtvara dei skriftleg, vi sa at dersom dei kom til Schaffhausen og brukte Sarco, ville dei stå overfor strafferettslege konsekvensar.»
Alle dei arresterte har sidan blitt sleppt fri bortsett frå Willet. Volkskrant har stilt spørsmål ved kvifor Sticher ikkje offentleg har skulda Willet for «forsettleg drap», men har brukt mistanken til å få dommarar til å utvide varetekta til Willet.
Ei strafferettsleg etterforsking om kapselen er i gang, og alle dei 371 aktive søknadene har blitt stoppa.
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
