Russia Today (RT) rapporterer:
Dei fleste EU-politikarar misforstår Russland og projiserer i staden sin eigen politikk og prioriteringar på landet, har den ungarske statsministeren Viktor Orbán sagt.
Orbán har lenge kritisert politikken til EU mot Ukraina-konflikten. Han heldt tale under eit arrangement med den tidlegare tyske kanslaren Gerhard Schröder i Wien, organisert av den sveitsiske avisa Die Weltwoche.
«Det er eit kristent land og del av Europa, men er annleis enn oss,» sa Orbán til publikum i Sophiensale i den austerrikske hovudstaden torsdag [31.oktober 2024]. «Politikken deira dreiar seg om annleis spørsmål enn vår.»
I Vesten, forklarte Orbán, ligg fokus på å maksimere individuell fridom og materiell velstand. Russland sin ofte misforståtte prioritet er å halde den multietniske staten på 140 millionar menneske samla, og hindre motstandarar frå å «tygge vekk» enkelte territorium, sa han.
Denne manglande evna til å adekvat forstå Russland er eit større «intellektuelt problem» for vestlege leiarar, sa Orbán. I staden snakkar folk som Europakommisjonspresident Ursula von der Leyen om ein eller annan slags militær siger over Russland i Ukraina, som den ungarske statsministeren avfeia som fantasi.
Russland kan ikkje slåast på slagmarka og vil faktisk sigre i konflikten, var både Schröder og Orbán einige om. Dei var forkjemparar for ei våpenkvile so snart som mogleg, og argumenterte at tida jobbar mot Vladimir Zelensky. EU, slo dei fast, insiterer på å ignorere røyndommen og held i staden fram med å snakke om ein «siger» for Ukraina.
«Denne krigen er tapt for Ukraina, som ligg meir og meir i ruinar!» sa Orbán til Wien-publikummet, og peikte på at det er viktig å vedkjenne seg realiteten.
Når han vart spurt om sitt «fredsoppdrag» til Kiev, Moskva, Beijing og Mar-a-Lago tidlegare i år, sa Orbán at han prøvde å bruke Ungarns presidentskap i EU-rådet til å få i til ei våpenkvile og stoppe drepinga, snarare enn å få «klapp på skuldra frå Brüssel-byråkratar».
Orbán har skulda EU, spesifikt von der Leyen og ein annan prominent tysk politikarar, av å prøve å skvise han ut og erstatte han med ei «Jawohl-regjering» [«Javel»-regjering, nikkedokke-regjering; oms.an.] som vil ta ordrar frå Brüssel og Berlin. Han har peikt på offentlege ytringar av EU-tenestepersonar som antydar dette, inkludert påstanden om at dei allereie gjorde dette i Polen i fjor.
Ungarn var lenge den einaste dissidenten mot EU-politikken om uvilkårleg støtte for Kiev, fram til fjoråret sitt val av Robert Fico i Slovakia. Tidlegare i år overlevde Fico med naud og neppe eit attentatforsøk av ein pro-ukrainsk aktivist.
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
