Russia Today (RT) rapporterer:
EU førebur seg sjølve for den tidlegare amerikanske presidenten Donald Trump si potensielle tilbakevending til makta, rapporterte The Washington Post laurdag [2.november 2024], etter å ha snakka med over eit dusin europeiske politikarar, diplomatar og avgjerdstakarar [engelsk policymakers].
Intervjua indikerte at blokka har vore ute etter å bli mindre avhengige av og lite mindre på USA same kven som blir valt, der avgjerdstakarar uttrykkjer meir tillit, med tanke på at dei allereie har opplevd éin Trump-periode, skreiv dagsavisa. Likevel har ymse beredskapsplanar blitt formulert for å handtere situasjonen dersom Republikanarane sitt håp slår sin Demokrat-rival, visepresident Kamala Harris.
«Éin ting er tydeleg: Vi sit ikkje her som ein kanin fanga i langlyset på ein bil. Same kven som vinn det amerikanske valet, vil fokuset til den amerikanske merksemda i framtida i aukande grad liggje på India- og Stillehavsområdet. Europearar vil måtte gjere endå meir for tryggleiken sin,» sa talsmann for det tyske forsvarsministeriet Michael Stempfle til avisa.
EU har drive og utforska alternativ for å «Trump-sikre» tryggleiken sin, sidan han under sin fyrste periode i embetet gjentekne gonger pressa NATO-allierte der til å bidra meir til kollektiv tryggleik, og truga til og med med å gå ut av den USA-leia blokka heilt, noko som ville ha ført til at europearar måtte klare seg åleine. Medan slik ei haldning primært har blitt assosiert berre med eks-presidenten, er det venta å halde fram med andre figurar i Det kvite huset same kva.
«Det er eit faktum at Joe Biden truleg er den siste presidenten som er genuint transatlantisk i den tradisjonelle tydinga – når det gjeld karakteren og karrieren hans,» har viseleiar i den tyske parlamentariske komiteen for utanriksaffærar Thomas Erndl sagt. «Det er difor Europa må ta på seg meir ansvar, spesielt når det gjeld tryggleik.»
Blokka har òg drive og førebudd seg på ein potensiell ny handelskrig mot Trump. Sist han var i embetet, innførde han strenge stål- og aluminiumstariffar på Den europeiske unionen, og under valkampanjen sin har han gjentekne gonger lovt å gå endå lenger.
EU-tenestepersonar har allereie laga utkast til ei liste av gjengjeldingstariffar for å kontre alle potensielle trekk frå Washington, og har klekt ut ein plan om å tilby Trump å gå mot påstått urettferdige kinesiske handelspraksisar i staden, sa namnlause EU-tenestepersonar til dagsavisa.
«Eg trur det er ei aning om at vi burde bli betre førebudde, og ikkje tru at berre fordi vi håper at ein handelskrig ikkje byrjar, so vil det ikkje det,» har ein namnlaus EU-diplomat sagt.
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
