Russia Today (RT) rapporterer:
Bruken av kunstig intelligens (KI) for å skrive både på arbeid og på skulen vil resultere i at fleirtalet av befolkninga misser skriveevna om fleire korte tiår, har Paul Graham, datamaskin-vitskapsmann og forfattar, åtvara.
Dette vil skape eit problem fordi skriving inneber tenking, trur Graham, som er veteran-investor og medgrunnleggjar av Y Combinator, eit selskap som investerer i oppstartselskap.
«Grunnen til at so mange menneske har vanskar med å skrive, er at det er grunnleggjande vanskeleg. For å skrive godt, må du tenkje tydeleg, og det å tenkje tydeleg er vanskeleg,» skreiv han i eit essay publisert på heimesida si førre veke.
Derimot har utviklinga av teknologi tillate folk å outsource skriving til KI. Der finst ikkje lenger eit behov for å faktisk lære seg korleis ein skriv, eller leige nokon til å gjere det for deg, eller til og med plagiere, skreiv den engelsk-amerikanske vitskapsmannen.
«Eg nøler vanlegvis med å kome med spådommar om teknologi, men eg føler meg temmeleg sikker på denne: om eit par tiår vil der ikkje finnast mange menneske som kan skrive,» sa Graham.
Det er vanleg at ferdigheiter forsvinn når teknologi erstattar dei; trass alt «er der ikkje lenger so mange smedar igjen, og det ser ikkje ut til å vere eit problem,» innrømte han. Men det at folk ikkje er i stand til å skrive er «ille», insisterte han.
«Ei verd delt opp i skriveføre og ikkje-skriveføre er farlegare enn det høyrest ut som. Det vil bli ei verd av tenkjarar og ikkje-tenkjarar,» trur Graham.
Det vil ikkje vere ein hittil usett situasjon, observerte han, og viste til førindustrielle tider, då «folk flest sine jobbar gjorde dei sterke».
«Dersom du i dag ønskjer å bli sterk, so trenar du. So der finst framleis sterke menneske, men berre dei som vel å bli det,» sa Graham. Etter hans mening vil det bli det same når det gjeld skrivekunst. «Der vil framleis finnast smarte menneske, men berre dei som vel å bli det.»
Om lag 86% av studentar bruker KI i sine studiar, ifølgje ei nyleg spørjeundersøking frå Digital Education Council. Medan 28% av dei bruker teknologi for å parafrasere dokument, bruker 24% KI til å skape fyrsteutkast, har studien funne ut.
Omsett av redaktøren i Saksyndig (utan bruk av KI!).
